Får for mange gåver

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Norske kulturhistoriske museum har i perioden 1999 til 2008 mottatt 800.000 gjenstandar. Musea har fleire enn 3,5 millionar gjenstandar i samlingane sine.

Held veksten fram i same tempo vil musea doble samlingane sine innan 30 år, viser ny rapport bestilt av Norsk kulturråd. Det er meir enn det er kapasitet til.

No vert det ropt varsku. I rapporten blir musea bedne om å bli flinkare til å takke nei når dei blir tilbodne gjenstandar.

Sjefkonservator Inger Jensen ved Norsk Folkemuseum ber norske kulturhistoriske museum bli flinkare til å seie nei når dei får tilbod om gamle gjenstandar.

– Dei må lære seg litt oftare å seie nei, og samarbeide betre om kva dei skal ta inn. Museum skal ikkje vere ein oppsamlingsstad for det folk sjølv ikkje ønskjer å ta hand om. Vi skal ikkje redde det dårlege samvitet deira, seier Jensen til NRK.

– Eg seier ikkje vi skal seie nei til alt, men det må vere noko som passar i samlinga og noko vi ønskjer å ta vare på.

Inger Jensen har leidd arbeidsgruppa som har utarbeidd rapporten på oppdrag frå Kulturrådet.

Ifølgje statistikk frå 2010 utgjer norske museumssamlingar i sum 385.000 hyllemeter. 195.000 av desse – over halvparten – vert rekna som «ikkje ordna» (©NPK).