Dykka etter breiflabb-slo

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dykka etter slo frå rekordbreiflabb

Dykkarar frå Kvinnherad Undervannskklubb stilte sporty opp for Havforskningsinstituttet tysdag ettermiddag. Breiflabbrestane vart ikkje funne, men breiflabb-ekspert Otte Bjelland trong likevel ikkje reisa tomhendt tilbake frå Kvinnherad.

Fem dykkarar frå klubben dykka i ein knapp time og leita med lykter på havbotnen i området på Sandvoll der restane vart kasta på sjøen.

– Svært sympatisk gjort av dykkarane, seier havforskar Otte Bjelland som er instituttet sin breiflabb-mann.

LES OGSÅ: Verdas største breiflabb

Leitinga var resultatlaus, men etter at dykkarane hadde pakka saman, fekk Bjelland napp likevel. LItt seinare på kvelden ringde han Kvinnheringen med følgjande gladmelding:

– Det viste seg at han som fekk fisken, Frank-Rune Kopperud, hadde tatt vare på ryggbeinet. Også der legg det seg «årringar» som gir oss ein sjanse til å finna alderen til rekordfisken. Strukturen er rett nok dårlegare enn i øyresteinane som ligg i hovudet, men dette er betre enn ingenting, seier Bjelland som dermed ikkje hadde bomtur til Kvinnherad likevel.

Bjelland er også glad for å ha oppretta kontakt med dykkarklubben.

– Det er viktig for Havforskingsinstituttet å ha god kontakt med folk som lever tett på sjøen, både dykkarar og fiskarar, seier Bjelland.

Han kan elles opplysa at den førre breiflabbrekorden i Kvinnherad – ein rugg på 79 kilo som vart tatt utanfor Rosendal – vart aldersbestemt til om lag 15 år.

– Det er ikkje sikkert at rekordfisken er så veldig mykje eldre – kanskje 20–25 år, tippar Bjelland som lovar tilbakemelding når undersøkingane av halebeinet er gjennomførte.

LES SAKA I KVINNHERINGEN!

Sjå video av breiflabben her:

LES ANDRE KURIØSE SAKER HER!

Faktaboks

Verdas største breiflabbfangst

115 kilo
Tatt på garn i Høylandssundet av Frank-Rune Kopperud
Fangsdato: 7. januar 2012
Førre rekord: 99,4 kilo, utanfor Lindås, februar 2010