Kjempar om britisk filmpris

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kjempar om gjev britisk filmpris

Medlemmar av det britiske film- og tvakademiet (BAFTA) har røysta fram Trolljegeren til lista over filmar som kan få årets BAFTA-pris for beste ikkje-engelskspråklege film. Den britiske film- og tvprisen blir delt ut kvart år, og medlemmane til akademiet stemmer i to omgangar. No er den første lista med 15 nominerte filmar i kvar kategori offentleggjort, valt ut frå 285 påmelde filmar.

Trolljegeren konkurrerer om ein nominasjon med filmar som Pina og Nader og Simin – et brudd.

Den 17. januar blir det offentleggjort kva for fem filmar som enno vil vera med og konkurrera om årets BAFTA for beste ikkje-engelskspråklege film. Årets prisutdeling finn stad sundag 12. februar.

Vist på flest festivalar
Trolljegeren, som hadde britisk premiere i september i heile 83 kinosalar, fekk svært gode kritikkar i britiske tabloidaviser opp mot premieren.

QUIZ: Kva veit du om troll?

Trolljegeren er òg den norske filmen som har vorte vist på flest internasjonale filmfestivalar i løpet av 2011, med visningar på over 45 festivalar.

Stor honnør
– Dette er eit stor høve for regissør André Øvredal til å få endå meir internasjonal merksemd. Og det er utruleg morosamt og ein stor honnør til alle som har trudd på prosjektet frå dag éin, seier ein nøgd John M Jacobsen, produsent i Filmkameratene AS til NFI.no.

Trolljegeren er den første spelefilmen til André Øvredal og basert på hans eige manus. Etter verdspremiere på Fantastic filmfestival i Austin, USA, selde filmen nærare 280.000 billettar i Noreg, og fortsette den internasjonale ferda si, både til filmfestivalar og kinoar over heile verda.