Fleire filmar blir tillatne for barn

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ein oversikt over aldersgrenser på filmar som blei vist på norske kinoar mellom 1955 og 2011, viser at biletet er snudd på hovudet. I 1968 hadde barn under 16 år lov til å sjå tre av ti kinofilmar. I fjor hadde sju av ti barn under elleve år lov til å sjå filmar som blei sett opp på kino, skriv Vårt Land.

Kultur- og kyrkjeminister Anniken Huitfeldt (Ap) ønskjer no ein debatt om aldersgrensene. Ho seier ho ikkje kan endre vedtak om aldersgrenser på enkeltfilmar, men ønskjer at det skal bli enklare for foreldre å finne ut om ein film er eigna for deira barn.

FILMQUIZ: Er du god på Harry Potter?

Dersom barn er ifølgje med vaksne, kan ein ta dei med på ein kinofilm sjølv om dei er inntil tre år yngre aldersgrensa. Dette gjeld ikkje ved 18-årsgrensa, som er absolutt. I tillegg til å sette aldersgrensene, gir Medietilsynet også ei vurdering som seier noko om kva for aldersgrupper filmane er best eigna for.

Rådgivar Ove Watne i Medietilsynet meiner tala viser at det er færre skadelege filmar i dag enn tidlegare. Samtidig meiner han at barn ikkje tåler meir i dag enn for 55 år sidan.

– Barn har meir kunnskap om film no. Dei forstår sjangrane betre, slår han fast. (©NPK)

Kva meiner du om aldersgrensene på film?