Einig med NHO om samanslåing

Bård Vegar Solhjell opnar for å bruke tvang for å slå saman kommunar.
 

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Opnar for tvangs- samanslåingar

Sosialistisk Venstrepartis parlamentariske leiar Bård Vegar Solhjell stiller seg på Næringslivets Hovedorganisasjons side og opnar for å bruke tvang for å slå saman kommunar.

Solhjell er open for å sette ned ein kommisjon som skal sjå på kommuneinndelingar. Han tek vidare til orde for å endre SVs partiprogram slik at Stortinget kan få moglegheit til å slå saman kommunar med tvang, skriv Dagens Næringsliv.

– Eg trur vi treng større og færre kommunar. Vi treng kommunar og eit demokrati som i større grad stemmer med korleis samfunnet ser ut – kommunar som er tilpassa dei faktiske arbeids-, pendle- og bumønster og offentlege tenester i dag, seier Solhjell.

LES OGSÅ: – Difor blir det ikkje samanslåing

NHO-direktør John G. Bernander oppfordra tidlegare denne veka regjeringa til å sette ned ein kommisjon som skal kome med forslag til ny kommunestruktur. NHO ønskjer ein slik kommisjon no. Solhjell er og open for ein kommisjon, men han meiner det ikkje bør bli aktuelt før etter stortingsvalet i 2013. (©NPK)

Bør ein bruka tvang for å slå saman fleire kommunar?