Mindre skepsis til storkommunar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er første gong sidan Nationen starta meiningsmålingane sine om kommunesamanslåing at det ikkje er klart fleirtal mot, skriv avisa.

I 2008 var det 54 prosent som avviste tanken på kommunesamanslåing, i 2010 var det 58 prosent, medan på den nyaste målinga er det berre 48 prosent som seier seg usamd i påstanden om at kommunesamanslåing vil vere ein fordel.

Delen som seier klart ja til kommunesamanslåing, har likevel ikkje auka sidan i fjor. Framleis seier berre 13 prosent ja. Det er delen av tvilarar eller dei nøytrale som har vakse. Folk er altså blitt mindre skeptiske til storkommunar, sjølv om det framleis er eit klart nei i folket.

Motstanden mot kommunesamanslåing er størst i Oslo og i byar med meir enn 50.000 innbyggjarar, medan den er minst i byar med mellom 5.000 og 50.000 innbyggjarar. (©NPK)

Bør staten lokka med meir for å få fleire kommunesamanslåingar, eller er det på tide på meir tvang? Bli med i debatten!