Publikumsvinnaren «Trolljegeren» med Otto Jespersen i hovudrolla, vart vist på heile 45 internasjonale filmfestivalar i 2011.

(NPK-NTB)
(NPK-NTB)

Filmen, som handlar om ei gruppe studentar som får bli med ein trolljeger på hårreisande, trolske eventyr i den norske fjellheimen, toppar dermed lista over kva norske filmar som vart vist oftast på internasjonale filmfestivalar i året som gjekk.

«Kongen av Bastøy» vart vist på 36 festivalar og vart kåra til beste film på to av dei, i tillegg til å innkassere tre publikumsprisar. «Keeper'n til Liverpool» vart vist på 32 festivalar og stakk av med heile 13 internasjonale filmprisar. «Sykt lykkelig» kjem tett etter, med 31 deltakingar i 2011. Filmen til Anne Sewitsky stakk av med prisen for beste film på Robert Redfords Sundance-festival i Park City.

PRØV DEG PÅ TROLL-QUIZEN!

«Oslo, 31. august» var den andre spelefilmen til Joachim Trier. Etter verdspremieren i Un Certain Regard-programmet ved filmfestivalen i Cannes er han vist på 20 internasjonale filmfestivalar, mellom dei Toronto, og har vunne fire prisar.

– 2011 er det året norsk film gjorde eit stort byks ut i verda. Regissørar som Anne Sewitsky, Joachim Trier og Jens Lien er anerkjent som nokre av dei mest interessante nordiske regissørane for tida, og stadig fleire kritikarar og festivalar omtalar film frå Noreg som den mest spennande i Nord-Europa. Det er eit sterkt grunnlag for å ta det siste steget heilt opp også internasjonalt, seier direktør Nina Refseth ved Norsk filminstitutt. (NPK) (©NTB)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.33
ANNONSE