Maskuline dagbøker

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

Jærbuen Andreas Stokkeland sit utanfor ein høgskule i Stavanger. Han er nett ferdig med studia for idag. No har han funne fram dagbok-filer på dataen sin. Eg får lov til å sjå. Tekstane er korte, og handlar stort sett om tre ting: Kva han har gjort, kvar han har vore og kven han har treft.

– Kva er vitsen med å skrive dagbok?

– Eg får betre kjennskap til kven eg er og kva eg nyttar tida til. Slik kan eg jobbe med meg sjølv. Det blir også lettare å hugse gode minne. Og så føler eg det som ei plikt.

– For kven si skuld pliktar du å skrive om livet ditt?

– Eg likar faget historie. Vi manglar diverre mykje kunnskap om korleis folk levde før i tida. Kanskje om nokre hundre år ønsker folk å vite korleis kvardagen til norske gutar såg ut i 2011. Det vil eg gje dei ein sjanse til . Difor har eg skrive eitt år i strekk.

For båe kjønn
– Kjenner du andre av ditt kjønn som skriv dagbok?

– Ja, men ingen unge. Dagbok-skriving er likevel ikkje feminint i seg sjølv. Det er jo fleire måtar å gjere det på. Ikkje berre den typiske måten jenter skriv på i populære bøker og filmar.

– Så du skriv annleis enn dette?

– Ja. Der nyttar jentene dagbøkene til å få ut dårlege kjensler. Bøkene er hemmelege. Dessutan har dei ofte gamaldagse bøker i papir. Og så skriv dei langt. Eg bruker PC og skriv kort. Dagboka mi er ikkje særleg privat. Eg ynskjer berre å få fram fakta, ikkje kva eg føler.

Klokka seks kvar dag
– Vil det seie at alt du skriv er offentleg?

– Ikkje når det gjeld denne boka. Men eg har ei dagbok til. Der skriv eg berre om det som skjer akkurat klokka seks. Eg har skrive på denne boka kvar dag i eit heilt år. Eg kan tenke meg å gje ho ut etter kvart. Som ei skikkeleg bok.

– Korleis klarer du å hugse kva som skjedde klokka seks?

– Eg plar å ha på ein alarm då. Den minnar meg om å legge merke til kva som skjer rundt meg. Så skriv eg det ned om kvelden, på same tid som eg skriv i den største dagboka.

– Hender det at du med vilje gjer noko spesielt dette klokke-slettet?

– Av og til. Ein gong planka eg til dømes i Oslo sentrum. Det hender også at vener prøver å kome med i boka. Då kan dei finne på å ringe til meg akkurat klokka seks. Men stort sett går livet som normalt.

– Ynskjer du å skape ein trend?

– Det hadde vore bra om fleire gutar byrja å skrive dagleg. Det er litt stress å hugse på å skrive kvar dag. Men det er absolutt verdt det. Det trur eg mange hadde vore einige i, om dei berre hadde prøvd!

Les saka i Magasinett!