Ni nasjonar feirar jol saman

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 – Både eg og alle dei 16 deltakarane gler oss veldig til jolaftan, fortel initiativtakar og kokk på Tre brør, Julian Ruiz frå Spania.

For langt heim
Kokken fekk ideen til den internasjonale jolefeiringa i fjor, etter at han sjølv hamna i den situasjonen at han ikkje kunne reisa heim å feira jol.

– I fjor var det sju personar som deltok, og me serverte heimelaga jolemat. Mellom dei som var med då, var fleire legar som hadde vakt på sjukehuset og som ikkje kom seg heim til jol. Saman hadde me det kjempekjekt, fortel han.

Kjem frå alle stader
I år er gjestelista til Julian over dobbelt så lang som i fjor. 16 personar har meldt si interesse for den alternative jolefeiringa og kjem frå mange stader rundt i verda. Til saman er det påmeldt ni nasjonalitetar. Dei som kjem lengst borte i frå er frå New Zealand, Australia og Sør-Afrika. Ein einaste gjest er det frå Noreg. Han kjem frå Finnmark og tykte det vart for langt å reisa heim. Det er kjekt at han også ville vera med oss på jolefeiringa.

– Me byrjar klokka 18.00 og skal ha det moro saman heilt fram til neste morgon, seier ein blid Julian Ruiz.

– Typisk Julian
– Me er ikkje overraska over at han invitera til joleselskap. Det er typisk Julian å ta alle inn i varmen, seier Bjørn Heradstveit og venninna Amanda Svahn. Dei kjenner Julian godt og fortel at han er ein svært triveleg og open mann å snakka med og vera saman med.

– Julian er ein del av Tre brør. Alle kjenner Julian og Julian kjenner alle, seier Svahn og Heradstveit.

LES SAKA I AVISA HORDALAND!