– Fordelen med å vere tidleg ute, er at ein får ein stor familie smiler Marthe Johannessen (21). På fanget sit sonen William (2). 

Tone Tveit/vtb.no
Tone Tveit/vtb.no

 

Fjerde januar blir fyresdalsjenta Marthe Johannessen å sjå i programmet «Unge mødre», men avgjerda om å bli med måtte vurderast nøye.

Livet til den unge jenta tok ein annan retning enn det ho hadde sett før seg etter vidaregåande utdanning. Midt i påbyggsåret som barne- og ungdomsarbeidar oppdaga ho noko som kom til å endre framtida.

Ho var bestemt på at året etter allmenn påbygging skulle vere friår før utdanninga heldt fram.

– Eg ville ut og reise, oppleve, men ting endra seg. Ole Kristian Bergve og eg hadde vore saman i fem år, så blei me gravide. Ikkje planlagt, men eg trur ikkje dei rundt oss blei så overraska, smiler ho.

Lett val
– De var unge. Kva tenkte de om å bli foreldre, du var 18 år då?

– Eg hadde lyst til å sjå verda, og mamma blei nok litt skuffa. Det er når ein er ung ein har best sjanse til å oppleve mest mogleg. Mamma var 21 år då ho fekk meg, fortel Marthe.

Abort var ikkje eit alternativ for Marthe og Ole Kristian.

– Å velje den vesle vekk, ville bare vere egoistisk. Me måtte ta konsekvensane av dei handlingane me hadde gjort. Alle veit då korleis ein forplantar seg.

– Men for all del, eg er glad for at det finst eit val, for eg er ingen abortmotstandar. Men for oss blei ikkje det alternativet rett, seier ho.

Ein son
Med ein liten krabat i magen blei skuleåret fullført med eksamenar i juni.

– Eg jobba som ein helt den sommaren, tok dei vaktene eg fekk på sporten om dagane og på Moland om kveldane. Eg treivst så godt med jobbane, og eg var frisk og rask, minnest Marthe.

– Det som skulle blitt eit år på langstrakte strender, til dømes på Bali, blei frå september eit år med bleieskift, amming, gulping og babykos, ler Marthe.

22. september blei Ole Kristian og Marthe foreldre til ein liten William Matheo.

– Me fekk ein snill, nydeleg gut. Då William var eit halvt år, blei Ole Kristian og eg samde om å ikkje vere saman lenger.

Marthe søkte lærarhøgskulen, og då permisjonsåret var over starta ho i fjor haust opp som student i Porsgrunn.

– Eg hadde ikkje lyst til å gje meg på skulebenken når eg fyrst var i gang, og det var «lett» å halde på. Då Ole Kristian tok ut pappaperm flytta eg inn i ei leilegheit i Porsgrunn og starta som student. Då Ole Kristian sin permisjon var over, var tida komen for at William skulle starte i barnehagen også. Han trivst godt i studentbarnehagen i byen som er liten og trygg, akkurat som det er her i Fyresdal, seier Marthe.

Samarbeid
Marthe nyt livet som åleinemamma, men kjenner seg slett ikkje åleine.

– Ole Kristian og eg samarbeider godt, og William har to heilt fantastiske bestemødrer som stiller opp for oss. Av og til skulle eg ynskje eg hadde åtte armar eller ein å dele oppgåvene i kvardagen med, men det går greitt. Farmora til William har tatt ferie når eg har praksis og eksamen, og mamma passar han i helgene når eg jobbar heime i Fyresdal. Elles har eg mange fine venner som stiller opp for oss både i byen og her heime, seier 21-åringen.

Ho synest det er mange prøvelsar i kvardagen med grensesetjing og halde fast ved avgjerder. Dagane blir fort like med faste rutinar.

– Hente i barnehagen, lage middag, sjå barne-tv, leike litt og så skulearbeid for meg. Det er dagar det har vore tøft, og eg blir sliten, men dei fleste dagane har me det kjempebra, smiler Marthe.

Ho oppsummerar kvardagen slik:

– Så har eg fått eit barn, men det stoppar då ikkje meg. Eg ser løysingar før problem. Det blei ikkje eit år ut i verda nå, men William og eg kan oppleve og reise saman seinare me, smiler ho.

Fri
Ein høyrer kanskje flest utfordrande uttaler om det å vere åleine som foreldre. Marthe vel å sjå dei positive sidene.

– Eg kan gjere ting på min måte utan å forhalde meg til andre enn dei eg sjølv vil. Eg trur nok faktisk eg blir litt sær, den typen som vil ha kontroll og styre ting slik eg ynskjer at det skal vere, seier ho.

Stor familie
Marthe viser eit flott bilde frå 2-årsdagen til William der fem generasjonar er samla.

– Det er ikkje mange som har ei slik rekkje?

– Nei, det er fordelen med å vere tidleg ute det, då blir det ein stor familie. Me er ein samansveisa gjeng, seier Marthe og fortel at tippoldemor Ingeborg på 84 år blir kalla «tippen» av familiens yngste sjarmør.

– Oldemor i Drangedal synest det er svært å vere saman med tippoldebarnet sitt, smiler Marthe.

Oppdaga på blogg
Då Marthe blei gravid var det nokre venninner som gjerne ville fylgje med på kva som skulle skje. Difor starta Marthe å blogge små oppdateringar frå kvardagen.

– Etter kvart som William blei fødd og vaks til, oppdaterte eg om utvikling og framstega hans. Det blei som ei digital babybok med oppdatering med alt frå når han slutta å vakne på natta til andre utviklingssteg. Eg har vore nøye med å ikkje legge ut ting som han i framtida kan skjemmast over. Ein skal passe seg for at det ikkje blir for personleg. Eg kan ikkje kalle meg ein aktiv bloggar, men ein som skriv når eg har lyst, seier fyresdølen.

«Unge mødre»
– På nyåret i fjor fekk eg ein e-post frå produksjonsselskapet til «Unge mødre». Dei hadde lese bloggen min, og undra på om eg ville bli med i fjernsynsserien. Fyrst tenkte eg at nei, det vil eg absolutt ikkje. Men då det kom eit velformulera svar som gav ei god grunngjeving om kvifor dei ville ha meg med, byrja eg å tenke på det att.

– Eg skreiv «Unge mødre, skal, skal ikkje» på facebookstatusen min, og brått hadde eg førti kommentarar som oppmoda meg til å bli med.

– Kjente du til serien frå tidlegare?

– Ja, og eg føler det har vore mange rare framstillingar der, at ein kanskje har kjent litt skam for at ein er ung mor. Men nå er det nye produsentar som ynskjer å satse på ei anna vinkling av unge mødre, seier ho.
 

Plukka ut
Søknaden blei sendt likevel, men Marthe trudde ikkje ho kom til å bli plukka ut. Av seks hundre søkjarar fekk ho positivt svar på vårparten.

– I juni starta dei innspeling. Det var uvant å ha eit stort kamera etter seg, og mange gonger blei det litt kleint. Men ein blir faktisk raskt vant med det, seier ho.

I sju dagar fylgde eit filmteam Marthe og sonen.

– Det blei litt styr med å tilpasse filming når William ikkje sov.

Seriestart
Fjerde januar blir den fyrste av fem episodar i ein ny sesong av «Unge mødre» sendt på fjernsynskanalen Fem.

Frå produsenten får me opplyst kva som blir vist i dei tri fyrste episodane av serien. Me får sjå korleis det går når Marthe avsluttar studieåret med munnleg eksamen, dei fylgjer William, pappa Ole Kristian og mamma Marthe på tur til Sommarland i Bø og seinare er dei med William, Marthe og ei venninne på skogstur.

– Eg har fått sjå alle episodane der me er med. Eg skulle ynskje eg hadde fått vist litt meir av korleis den faktiske kvardagen vår er, med hektiske morgonar, levering i barnehagen og skulekvardagen min, seier Marthe som meiner at ferietid ikkje illustrerar så godt det som er det verkelege dagleglivet som ung travel mor.

LES SAKA VEST-TELEMARK BLAD!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.33

LES OGSÅ

ANNONSE