Hyllar Svalbard med film

”Polar eufori” er ein musikalsk filmhyllest til ære for Svalbard.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Torsdag kveld var det duka for release av DVD- og CD i Longyearbyen.

Ein utviklande ide
Det heile starta med ideen om å lage eit biletspel på 8 minutt med vakre bilete og djupe inntrykk. Men  ideen utvikla seg, og enda opp med å bli ein 25 minutt lang spelefilm, samt ein filmkonsert med cd og eigenkomponert musikk. ”Polar eufori” vil formidle kva som gjer at folk forelskar seg i Svalbard.

Artist og komponist Liv Mari Scheie fortel til Framtida.no at tanken bak prosjektet var å spreie bodskapen om å ta vare på Svalbard. 

Spelefilmen berørar og viser stemning i Longyearbyen, ikkje berre bilete av isbjørn og isbrear. Torsdag kveld var det stort oppmøte i Brasseri Nansen i Longyearbyen.  Det vart satt fram 70 stolar til byens befolkning og andre som møtte opp, men det skulle vise seg at 70 stolar skulle bli for lite. Over 200 ivrige møtte opp!

Barn og ungdom deltakande
Barn og ungdom i Longyearbyen har vore deltakande i heile prosessen med å lage film og filmkonsert. I vår var dei med på å lage framsyning og utstilling til prosjektet ”polar eufori”.  

Musikk frå barnekor og Store Norske Mandskor
5.-klassingane frå Longyearbyen skule har vist stort engasjement og var torsdag kveld med som forsongarar. Store Norske Mandskor tok også del i framsyninga. Filmmusikken er skreve av Sigri Sandberg Meløy, og framført av Liv Mari Scheie. Mari Tefre står for bilete og filming.

Sjå klipp frå filmen under: