Noreg veks raskast i Norden

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ikkje sidan 1972 er det blitt født så mange barn som i Noreg i 2009 og 2010, ifølgje Statistisk sentralbyrå og bladet Samfunnsspeilet. Og i perioden 2006– 2010 blei det til dømes født om lag 60.000 i snitt i året her i landet. Denne utviklinga gjer at Noreg ligg på topp i folkeveksten i Europa.

Det er likevel innvandringa som i fjor gav det største tilskotet i befolkningsveksten. Noreg har etablert seg som det største mottakarlandet i Norden for nye arbeidsinnvandrarar. Mange forlet heimlandet, der dei ofte har vanskeleg for å få arbeid og økonomisk stabilitet, og grip sjansen til å skaffe seg ein trygg og godt løna jobb i landet vårt.

Auken i innvandringa frå EU er klart størst. Talet på innvandrarar frå Litauen i Noreg har til dømes auka frå 300 i år 2000 til over 16000 i dag, polakkar frå 2000 til 55000, svenskar frå 25000 til 39000,  tyskarar frå omlag 8000 til 24000 over det same tidsrommet. Denne auken har mellom anna samanheng med at EU har fått tolv nye medlemmer sidan 2004, der Polen og Romania er dei mest folkerike, og at reglane for arbeidsinnvandring vart kraftig forenkla frå 2009.

Innvandringa frå Afrika, Asia, Latin-Amerika etc ligg på omlag same nivå som i år 2000. Der omlag fire av ti av innvandrarane var flyktningar i 2000 har vi no omlag ein av ti.

Noreg har no nær 700 000 innvandrarar eller norskfødde med innvandrarforeldre, noko som utgjer 12 prosent av folketalet.

Det totale folketalet vil passere 5 millionar seinast i april neste år, og SSB reknar òg med at vi blir 6 millionar seinast 2028.
 

Faktaboks

Innvandrarar er personar som er fødd i utlandet av to utanlandskfødde foreldre. Innvandrarar har på eit tidspunkt innvandra til Noreg

Endring i reglane for opphaldsløyve:
I samsvar med EØS-avtalen vart det frå 1. oktober 2009 enkelt, òg for ikkje-nordiske EU-borgarar, å opphalde seg i Noreg. Dei nye EU-reglane gjer det klart at dei fleste EU-borgarar fritt kan kome til Noreg for å studere, arbeide eller bu saman med familien sin. Den tidlegare ordninga med rett til opphald vart erstatta av ei registreringsordning for ikkje-nordiske EU-borgarar som ønsker å vere her i meir enn tre månadar. Registreringsordninga gjer at dei berre treng å registrere seg hjå det lokale politiet for å få identifikasjonspapira sine kontrollert.