Mette Karlsvik fekk stormande ros og Brage-nominasjon for romanen «Bli Björk».

NPK-NTB-Veronica Karlsen
NPK-NTB-Veronica Karlsen

Då Björk sa til Dagbladet at ho syntest det var ekkelt å ikkje vere informert på førehand om utgjevinga av romanen, kom mykje av det positive i skuggen.

– Men under arbeidet med romanen, var eg i kontakt med både far hennar og den personlege assistenten hennar. Assistenten fekk også oversendt manuset, og eg hadde håpa på ei tilbakemelding. Det kunne kanskje tilført noko ekstra til prosjektet dersom vi hadde kome i dialog, meiner Karlsvik. Som bestilte seg billett til Algarve i Portugal for å kome litt unna alt som skjedde rundt «Bli Björk», den fjerde romanen hennar.

– Eg var nok både gretten og litt skuffa, fortel ho.

Medan ho var der, kom det ein svært hyggeleg SMS frå redaktøren hennar. Boka var Brage-nominert.

– Det er ei utruleg tillitserklæring å bli nominert til Bragepris. Det gjer noko med sjølvtilliten og viljen til å halde fram, til å gå på att. Det betyr veldig mykje, seier Karlsvik til NTB.

Ringde pappa Björk

Karlsvik innrømmer at ho vart lei seg då ho såg Björk-uttalen.

– Men dette er jo ikkje ein biografi eller eit historisk verk om Björk. Dette er ein roman, og den handlar om så mykje meir enn henne, slår ho fast. Og blir glad dersom journalistar også kjem med spørsmål som har med det litterære innhaldet å gjere.

Forfattaren fortel at det var far til Björk, Gudmundur Gunnarson, som gav henne inspirasjon til Island-romanen.

– Elektrikaren Gunnarson står for så mykje av det som er den islandske identiteten. Dette er eit land som har hatt stor tilgang på grøn kraft, heile øya gløder og sitrar av kraft, både over og under. Gunnarson vart ein fin inngang inn i dette spennande kraftfeltet.

Karlsvik fortel at ho lenge stod i stampe med stoffet. Ho såg også dei etiske sidene ved å skrive fiksjon som er inspirert av levande, namngjevne menneske.

– Kva om eg berre ringjer til Gunnarson, tenkte eg ein dag. Eg fann telefonnummeret, plukka opp røyret og ringde. Det vart ein pause i den andre enden då eg presenterte ærendet mitt. Eg formulerte meg vel omtrent slik: Er det greitt for deg at eg skriv ein roman om Island med utgangspunkt i biografien din?

Sender bok til jul

Etter kort omtenkingstid svarte Gunnarson ja. Det vart ein utløysande faktor for forfattaren. Ho sette seg på flyet til Island (kalenderen viste 7. oktober 2009) for å gjere seg ekstra godt kjent med landet og historia. Ho landa på den glødande øya på eittårsdagen for finanskollapsen. Her fekk ho treffe Gunnarson personleg.

– Gudmundur Gunnarsson skjønte det fulle og heile alvoret i kapitaliseringa av landet rundt 1996– 1997. Frå 1997 melde han seg ut av partiet og var ikkje lenger viseborgarmeister i Reykjavik. No gjekk han inn i fagforeiningspolitikken.

Ho kom også i kontakt med det gamle miljøet rundt Björk. Det betydde mykje for skriveprosessen og det å få miljøskildringane levande.

– Men endå ein gong: Eg diktar. Det å dikte og skape er privilegiet til ein kunstnar, det veit også Björk, held Karlsvik fram. Som meiner ho har skapt eit eige univers, eit parallelt, som ikkje gjev seg ut for å vere verkeleg.

– Det å skape noko heilt nytt, og prøve å vidareføre og nyskape romansjangeren, har vore eit mål, slår Karlsvik fast. Ho medgjev at ho gjerne såg at Björk les romanen.

– Eg trur ho les skandinavisk litteratur. Eg skal sende eit par eksemplar av boka til far hennar til jul, så håpar eg eitt av dei hamnar hjå henne. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.33

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE