Høgdepunkt i kø

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Roger har downs syndrom, og har på dagtid vore på Mila aktivitetssenter. Han syntest ikkje det var så interessant å gjere arbeidsoppgåver som å sy, og hadde lyst til å finne seg anna arbeid.

Roger ynskte å jobbe i kommunen, og sende søknad til ordføraren om å bli vaktmeister. Det kom eit fint svar tilbake om at 20-åringen var velkomen til jobbintervju.

– Det var spennande og eg var nervøs, seier Roger om møtet han hadde med ordføraren, rådmannen og ein representant frå teknisk etat.

Intervjuet gjekk bra og Roger fekk jobb som vaktmeister og postmann. To dagar i veka møter han opp i kommuneresepsjonen for å ta imot post og anna som han leverer vidare til mellom anna skulen, biblioteket og barnehagen.

Sjef
– Det er moro. Eg likar betre å frakte post enn å vere på Mila, seier Roger, som har med seg hjelpar når han jobbar.

Eit anna ynske gjekk også i orden; han fekk ja på førespurnaden om å jobbe på Spar. Tri føremiddagar i veka er han sjef for tomgodset som kjem inn i butikken.

– Det er ikkje vanskeleg, og eg likar jobben, seier 20-åringen.

I tillegg tek han ved somme høve på seg oppgåva i kassa.

– Det er toppen å sitte i kassa. Heilt vanvittig, stråler Roger.

Han synest det er mest moro å jobbe i kommunen, men likar seg godt i butikken også.

– Dette er jobbar eg har lyst til å fortsette med, er han klar på.

Tilbakemeldinga frå butikken er at det er veldig koseleg å ha Roger der, og han utfører oppgåvene sine godt. Han er flink til å ordne opp i alle tomflaskene, ein jobb han helst vil gjere aleine.

Mest glad for hytta
Roger bur i eigen leilegheit i Kåsa bu og avlasting.

– Heime er eg sjefen. Det er triveleg å ha eigen bustad, seier Roger.

I bustaden har han ei lita trehytte, bokhylle og eit bord med aviskasse under. Dette er produkt han har laga i år fordi han er med i Trenissen 4H. Fordelt på sju år i klubben har han sjølv vald oppgåver som trearbeid, baking, matstell, form og fantasi, 4H-kokken og no sist: Snikkaren.

– Det er snikkar-oppgåva eg har lika best. Det har vore mykje arbeid med oppgåvene, og moro. Eg er mest glad for hytta eg har laga, seier Roger.

I kvar oppgåve sikra han seg dokumentasjon på gjennomføringa ved å ta bilde av arbeida han trufast og målbevisst gjennomførte. Roger viser fram eit stort fotoalbum om det han har vore med på sidan han byrja som aspirant. Bilda viser at han også har vore med på medlems- og avsluttingsturar og leirar i 4H.

Vil ha snø
Roger er glad i å gjere praktiske ting, og har lært mykje av aktivitetane han har hatt dei sju åra i 4H. Sist laurdag reiste han til Bø for å få plaketten, høgste utmerkinga i 4H. Han er ein av tretten telemarkingar som har gjort seg fortent til heidringa i år.

– Eg gleda meg til å få plaketten. Dagen etter var eg i boblebad i Fritidsparken i Skien, og det var svært, seier Roger om 4H-turen som blei avslutta med nydeleg pizza.

Framover har han ein del aktivitetar han ynskjer å gjere på fritida. Sparke fotball er moro, og innandørs står eit fotballspel klar til bruk.

– Eg vinn heile tida. Nesten, seier Roger om konkurreringa mot andre.

Vidare er han glad i å gå på ski, og ventar veldig på snøen. Noko anna han set pris på er å sjå på fjernsyn. Sinnasnekkeren er eit av favorittprogramma.

– Eg er også glad i å fotografere, og det blir ein av hobbyane framover, seier Roger.

LES SAKA I VEST-TELEMARK BLAD!