EU: – Ikkje overvak fildeling

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I ein dom i Belgia blei ein belgisk nettleverandør pålagt å hindre ulovleg fildeling ved å installere filter i nettet sitt. Internettselskapet anka dommen til EU-domstolen. EU-domstolen har no avgjort saka i favør av nettleverandøren.

– Forbrukarrådet er heilt einig med premissane i dommen om at nettleverandørane ikkje har noko rolle som generelt nettpoliti. Vi håpar dette standpunktet blir vidareført av lovgjevande styresmakter når e-handelsdirektivet skal reviderast om ikkje så altfor lenge, skriv Forbrukarrådet på bloggen sin.

Forbrukarrådet meiner det finst mange gode grunnar for at nettleverandørane skal halde seg unna det kundane driv med. Overvaking av nettrafikken til kundane ville ha ført til konsekvensar som rører ved personvern og ytringsfridom, meiner Forbrukarrådet.

– Ei slik form for massiv kontroll ville føre til at all trafikk måtte analyserast og knytast opp mot personleg data, slik som IP-adressa. Det er også store sjansar for at eit slikt filter ville blokkere heilt lovleg innhald, skriv Forbrukarrådet. (©NPK)

Diskutèr gjerne saka i kommentarfeltet under!