Opnar for historisk ekstremsport

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Verdas eldste ekstremsportløype

Ein enorm doning av ei skogsmaskin har den siste veka arbeidd i bratte liar i Morgedal. Både øvst i Håtveitgrendi og ved Kastedalskotet har skog og kratt blitt felt, rydda og vinsja ned bratte liar.

Fire fastmonterte vaierbardunar langt ned i jorda held krana på lastebilen fast, medan vaierar opp i fjellsida stabiliserer den andre vegen. Ein kar feller tømmeret, og ein annan styrer motoriserte lyftekrokar opp slik at tømmeret blir stroppa fast av ein tredje arbeidskar. Så returnerar vinsjen ned att til neste operasjon.

Lukta av nyhogd tømmer breier seg når kvist- og kappemaskina fullfører arbeidet og legg tømmerstokken i rett lagringsrulle.

Draumen om å rydde fram attgrodde låmer i Morgedal har lenge vore ein draum. I samband med at det blei satt av 800.000 kroner frå Telemark utviklingsfond til rydding, informasjon og element kunne Morgedal utvikling, i godt samarbeid med grunneigarar i Morgedal, rydde fram att verdas fyrste slalåmløyper.

Spesialistar
For å rydde det ekskremt bratte Kastedalskotet måtte morgedølane på jakt etter ekspertise. Via Nordtømmer kom dei til slutt i kontakt med entreprenørar som er spesialistar på hogst i bratt terreng.

Heile jobben blir utført av ein ganske spesiell doning med prislapp på 3,5 million kroner nyinnkjøpt frå Nederland. Han har alt nødvendig maskinelt utstyr påmontert ein lastebil som gjer arbeidet meir mobilt og lønsamt.

– Han er ingen billig sak, men høgst nyttig, meiner innehavarane av S&B Skogsdrift, gudbransdølane Jan Frode Elvig og Jan Ivar Svendstad, som har vinsja ned morgedalsskog med 90 til 110 årringar den siste veka.

Innan nok ei veke med hogst i Morgedal ser dei føre seg at arbeidet er fullført, og ein 400 meter lang og ekstrem nedfart i Kastedalskotet er klar for snø og vinter.

Historisk
Det som i fylgje Morgedal utvikling må vere verdas fyrste ekstremsportløype blir med andre ord rydda for bruk att, etter at Sondre Norheim kasta seg utfor det viltre landskapet med fjellnabbar og skrentar på midten av 1800-talet.

Med syskenbarnet Talleiv i hælane svinga dei seg ned det bratte terrenget som ender nede ved tjønna Moskeid.

– Det som gjer det heile ekstra imponerande og spektakulært er at Sondre nytta treski, ikkje dagens profesjonelle utstyr, seier prosjektleiar i Morgedal utvikling, Siri Hafnor.

Hafnor ser saman med Hamish Moore og Tarjei Gjelstad føre seg at løypa blir skilta på toppen av Kastedalsskotet med historia om Norheims nedfart.

– Me ynskjer å skape kjensler av korleis det var å stå på toppen, og leike seg på ski i Sondres dagar, seier Hafnor.

– Kven ser de på som målgruppe til ein slik attraksjon?

– For nordmenn som kjenner skihistoria vil eg tru dette er spennande. Elles trur eg det vil vere flest utanlandske gjester som prøvar seg ned ekstremløypa, svarar Moore.

Bratt
Vinsjeteamet frå S&B skogsdrift frå Kvam i Gudbransdalen stadfestar at Kastedalskotet er bratt.

– Det er så vidt ein står på beina på barmark oppi her, så eg trur det blir temmeleg utfordrande på ski eller snøbrett, seier Brandevold.

– Korleis vil du rangere denne nedfarten samenlikna med andre utforløyper, Hafnor?

– Dette er nok av graden svart løype, pluss-pluss. Me vil halde ei offisiell opning av bakken under dei årvisse Morgedalsleikane i mars, og ser føre oss at ein lokal løpar får vere den fyrste ned bakken på opningsdagen. Kven det kan bli har me ikkje diskutert enno, smiler Hafnor.

LES SAKA I VEST-TELEMARK BLAD!