Superklatrar med sterke historier

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Han og klatrekompisen Colin Haley reiste til Pakistan i år for å prøva seg på nok eit umogleg fjell, men ikkje noko gjekk slik dei hadde planlagt. Etter ei veke sat Bjørn-Eivind Årtun att mutt åleine, i ein aude dal langt nord i Pakistan. Kvar gjer ein då?

Noregspremiere
På Meieriet i Sogndal måndag vil Bjørn-Eivind Årtun fortelja kva han gjorde for å koma seg ut av knipa. Det vert noregspremiere på føredraget.

Etter å ha drive med sportsklatring i meir enn 20 år, har han dei seinare åra gått meir over til alpin klatring – og vert no nemnt som ein av verdas beste klatrarar. Bjørn-Eivind Årtun likar utfordringar, og har i løpet av kort tid utmerka seg med ei rekkje oppsiktsvekkjande klatreekspedisjonar opp vanskelege og dels is- og snøkledte fjell.

Desse bragdene har gjeve han fleire høgthengjande internasjonale utmerkingar og prisar.

Lett sekk
Det er Sogndal Klatreklubb og Lurkarlaget som måndag inviterer til eit bratt føredrag med Bjørn-Eivind Årtun, som også er ein svært god fotograf.

Det som kanskje først og fremst kjenneteiknar Bjørn-Eivind Årtun som alpin klatrar er at han klatrar ekstremt lett, det vil seia at han har minimalt med utstyr med seg. Slik kan ein med lett sekk opg eit minimum av sikringsmidlar bevega seg raskt og langt på kort tid.

Dette var også oppskrifta då Årtun saman med den amerikanske proff-klatraren Colin Haley gjorde førstebestigning på Mt. Foraker (5.304 moh.) i Alaska.

71 søvnlause timar
I løpet av 71 søvnlause timar gjennomførte duoen det som i lang tid framover vil står som ein av dei aller største norske klatreprestasjonane. Årtun og Haley måtte søka ly for ein tøff snøstorm i ein bresprekk, i håp om betre vêr. Men snøstormen roa seg ikkje, og dei to fekk ekstra utfordringar opp den frå før meir enn tøffe nok ruta.

LES HEILE SAKA I SOGN AVIS!