Tre Q-prisar til Sogn

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Bjørnar Hegg-Lunde frå Lærdal sikra seg prisane for ”beste fiksjon” og ”beste regi” for filmen Skuggeprinsen under filmfestivalen Q-film på Sandane torsdag kveld.

– Ein klar vinnar
– Ein klar vinnar og godt filmhandtverk, var juryen sine karakteristikkar av filmen til Hegg-Lunde.

Han kunne ikkje sjølv ta imot prisen, men viste seg og takka på storskjermen.

Den tidlegare sogndalseleven kom også på andreplass i kåringa av publikumsprisen. Hegg-Lunde har dermed sanka godt med prisar med filmforteljinga i Skuggeprinsen. I mars vann han Sogndal Filmfestival og i april den prestisetunge Amandus-festivalen på Lillehammer med samme film.

Filmen vart produsert som prosjektarbeid på Danvik Folkehøgskule sist vinter.

Beste dokumentar
Silje Virkesdal Bråstad frå Hyllestad vann pris for beste dokumentar med filmen sin om Kvernsteinsparken i Hyllestad. Filmen vart laga på oppdrag frå Norsk Kvernsteinsenter og Kvernsteinsparken i Hyllestad.

– Kjempekjekt å vinna pris første gongen eg sender inn til festival, seier Virkesdal Bråstad, som er elev ved medielinja på Sogndal vidaregåande skule.

Dokumentaren er laga som ein presentasjon av Kvernsteinsparken, og juryen var spesielt imponert av at ho hadde fleire gode intervju med born og unge i filmen.

Sende inn tre filmar
Virkesdal Bråstad hadde sendt inn heile fire filmar til Q-film, som i år feira tiårsjubileum, med mellom anna Per Kristian ”Elling” Ellefsen i salen.

Blant filmane til Silje var òg ein dokumentar laga på oppdrag for Dans Uten Grenser, og ein reklamefilm ho laga på oppdrag frå Hyllestad kommune i samband med 150-årsjubileumet i 2011. Ho har produserte filmane på si eiga fritid, og ho nytta mykje av sommarferien for å få prosjekta i land, vert det opplyst i ei pressemelding frå Sogndal vidaregåande skule.

Desse fekk prisar under årets Q-film:
    Beste animasjon: Ask time lapse, Iver Heen Ask
    Beste nybyrjar: Jord, Sondre Utheim
    Beste dokumentar: Kvernsteinsparken, Silje Bråstad
    Beste skodespelar: Sondre Utheim i Jord
    Beste regi: Bjørnar Hegg Lunde for Skuggeprinsen
    Beste fiksjon: Skuggeprinsen, Bjørnar Hegg Lunde
    Publikumsprisen: Ask time lapse, Iver Heen Ask

LES SAKA I SOGN AVIS!