Brevflaum til konkurs julenisse
Julenissen på Grønland er gått konkurs. Breva strøymer likevel inn til den raudkledde velgjeraren i nord.

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Brevflaum til konkurs julenisse
Selskapet Nuuk Tourism har til no tatt imot og svart på alle julenissebrev som har komme til Grønland. Men etter at verksemda no er slått konkurs, veit ikkje postverket kva dei skal gjere med breva.
Så langt har Tele-Post fått inn vel tusen brev til julenissen på Grønland. Det talet vil venteleg stige til over 20.000 fram mot jul.
– Til så lenge samlar vi dei opp og håper på at det finst nokon på Grønland som vil svare alle desse barna som sender brev til julenissen, seier salssjef Salik Hard i Tele-Post til KNR Grønlands radio.
Det skal no vere håp om at nokon vil kjøpe opp konkursbuet etter Nuuk Tourism før jul og dermed også ta over rolla som julenisse. Tupilak Travel skal visstnok alt ha kjøpt retten til å bruke namnet til den tidlegare konkurrenten. (©NPK)






