Prøysen-figurar går til Disney

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Helene Harefrøken og Nøtteliten er både inspirert – og distribuert – av Disney når dei no legg ut på ein filmatisk sjarmøretappe.

Startskotet gjekk i 1999 då Bolla Pinnsvin gjekk til filmen. 12 år seinare er ni kortfilmar samla på DVD-utgjevinga «Musevisa og åtte andre Prøysen-klassikere».

Det er Sandnes Media, med Hans Jørgen Sandnes i spissen, som har teke på seg å animere dei kjente og kjære barnesongane til Alf Prøysen. Elin Prøysen er imponert over arbeidet, og glad for at farsarven blir gjort tilgjengeleg via nye medium.

– Håpet mitt er at filmane skal vere ein døropnar til Prøysen-universet for stadig nye generasjonar, seier ho til NTB.

Ho meiner filmane byr på kvalitetar det har vorte litt mindre av i seinare år:

– Ungar i dag har vorte svært TV-vande. Men dei får mindre og mindre kvalitet på teiknefilmfronten. Det dataanimerte misser både liv og uttrykk, synest eg.

Elin Prøysen legg til at ho synest det er noko heseblesande over mykje av det som blir laga for barn og unge, og ho håpar Prøysen-universet kan vere ei motvekt.

Uttrykket teiknaren har kome fram til, omtalar ho slik:

– Ein kan sjå ein link til gamle Disney-filmar. Det at alt er handteikna gjer det svært sjarmerande og livfullt. Vidare kler det filmane at ein berre har brukt gamle originalinnspelingar som utgangspunkt. Filmane er tru mot låtane.

Prøysen til jul
Mange involverte gjer det muleg å bringe songskattane til Alf Prøysen ut på denne måten. Disney distribuerer DVD og Blu-ray for NRK Aktivum som har ein avtale med Sandnes Media gjennom NRK.
DVD-sleppet er lagt til tida då julegåvene skal handlast inn.

– Og kanskje kan desse rotnorske figurane skape nye juletradisjonar og konkurrere med den klassiske julemorgonen frå Disney?

– Ja, det får jo tida vise, ler Elin Prøysen. Som ikkje er framand for tanken på spin of-produkt støypt i Sandnes Media-form, basert på Prøysen-figurane.

– Nei, men no får vi no først sjå korleis filmane og DVD-en blir tekne imot. Men kven veit, det ligg mykje her som ein kan jobbe vidare med, trur ho.

LES SISTE FILMNYTT HER!

Ho har ingen motførestellingar til å gje si velsigning til den type vidareutvikling av universet så lenge Prøysen-materialet blir behandla med respekt.

– Filmane fyller ut songane på ein svært fin måte, og det er lett å kjenne att figurane frå songane til far min. Dette er folk som er interessert i å ta vare på stoffet på ein solid og skikkeleg måte, meiner ho.

Teikn Nøtteliten
Det er 12 år mellom første og siste produksjon, og på rollelista er Bolla Pinnsvin, Helene Harefrøken og Kyllingen – for å nemne nokon. Teddybjørnens vise, Bakvendtland og Blåbærturen er alle med.

– Det vart tidleg klart for meg at det ikkje var nokon grunn til uro då eg fekk sjå dei fine teikningane, seier Elin Prøysen som stadig har gjeve nye figurar grønt lys. Prøysen-dottera legg til at ho ikkje har ønskt å detaljstyre prosessen.

– Eg ser jo at det dukkar opp ei og anna overrasking, ler ho – men legg til at partane innleiingsvis vart samde om nokre køyrereglar.

Kortfilmane har ei samla speletid på 40 minutt, og det er også gjort plass til noko ekstramateriale. I alt ni korte innslag følgjer med, der Hans Jørgen Sandnes viser korleis han teiknar dei mest kjende karakterane.

– Ungar synest det er heilt magisk å sjå noko bli levande på denne måten. Det er artig at ein får dette på kjøpet, slår Elin Prøysen fast. (©NPK)

Faktaboks

Alf Prøysen (1914-1970) var diktar, visesongar og forfattar, ein av dei fremste i Noreg. Songane og forteljingane hans har vunne hjarta til fleire generasjonar, også utanfor våre grenser.

Les meir på Wikipedia (bokmål)!