Noreg på elbil–toppen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tal syner at det er privatpersoner som først og fremst kjøper bilane, medan det i utlandet stort sett berre er offentlege verksemder.

– Første halvår vart det seld 192 elbilar per million innbyggarar i Noreg. Me leiar stort framfor verdas store billand USA og Japan, seier prosjektleiar Ole Henrik Hannisdahl i Grønn Bil til Newswire.

Nummer tre
Det fins ingen offisielle oversiktar over elbilsalet i verda, men tal som Grønn Bil har henta inn frå bilprodusentane syner at Noreg er nummer tre i verda målt i talet selde elbiler.

– Norske bilistar kjøpte til saman 960 nye elbiler første halvår 2011. Både USA og Japan har høgare salstal enn oss. Men når me reknar talet elbilar per innbyggar, tek Noreg leiinga suverent, seier Hannisdahl. Japan er nummer to med 53 bilar per million innbyggarar og USA på tredjeplass med 25 elbilar per million innbyggarar.

Mot straumen
Salet av elbilar i Noreg er ein konsekvens av myndigheitene si satsing på denne typen bilar, meiner Hannisdahl.

– Hjå oss har myndigheitene lagt til rette for at vanlege bileigarar skal velja elbil. Privatpersonar er den største kjøpergruppa i Noreg. Berre tre prosent av elbilane på norske vegar er eigde av kommunar og offentlege etatar, opplyser prosjektleiaren i Grønn Bil.

I andre land er det mest offentlege etatar som skaffer seg elbilar.

– Frankrike er eit typisk eksempel. Der er det nesten ingen privatpersonar som eig elbil, og salet auker heller ikkje like mykje som i Noreg. Første halvår vart franskmennene slått på målstreken med 955 selde elbiler mot våre 960.

Frankrike kjem også langt ned på lista over elbiltette land med 15 nye elbilar per million innbyggarar.

Hurtiglading
– Den norske modellen for å legga til rette for elbilar vekkar oppsikt utanlands. I oktober er eg invitert til å halda innlegg på ein konferanse i Mexico for vegmyndigheiter frå heile verda, seier prosjektleiar Eva Solvi i Transnova.

Transnova er eit prosjekt finansiert av Samferdslesdepartementet for å redusera CO2-utslepp frå transportsektoren. Ei av oppgåvene er å fremja elbilbruken i Norge.

LES OGSÅ: – Må bli dyrare å køyra bil i Noreg

– Korleis ein skal koma i gang med elbilar og få fleire til å kjøpa elbil, er eit stort tema i svært mange land. Noreg er eit føregangsland fordi Staten har gått tungt inn i startfasen og lagt tilhøva til rette, seier Eva Solvi.

Ladestasjonar
Ladestasjonar til elbilane er ein viktig del av suksessen.

– Den norske modellen inneber at staten bidreg med finansiering av ladestasjonar, men overlet bygging og drift til private verksemder og offentlege etatar. På den måten har me sytt for at det alt er komne mange ladestasjonar i Norge løpet av kort tid.

No prioriterer Transnova hurtigladerar.

– Hurtigladerar er avgjerande for å stimulera drosjenæringa og andre proffe bilbrukarar til å gå over til elbilar. Kommunar og ulike private aktørar er inne på driftssida slik at me får erfaring frå fleire måtar å driva det på, fortel Transnova-sjefen.

LES SAKA I AVISA HORDALAND!

Kva meiner du skal til for at fleire skal få lyst til å kjøpa elbil?