Politiet stogga masteaksjon
Helikopterbore politi løyste tysdag opp aksjonen, der ei handfull kraftlinemotstandarar hindra anleggsarbeidet til Statnett på grensa mellom Granvin og Ulvik.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Me har tilkalla politiet, det er vår einaste moglegheit, uttalte Steinar Bygdås i Statnett før politiet var på plass. Leiaren i Sima-Samnanger-prosjektet var på staden, og oppteken av at sementarbeidet fekk gå sin gang.
– Me har venleg anmoda aksjonistane om å flytta seg 150 meter unna, slik at me kan halda fram arbeidet. Det har dei valt å ikkje retta seg etter. Me set tryggleiken til arbeidarane fremst, og einaste råda for oss no er å få hjelp av politiet.
– Me fekk brått vita at det var arbeid på gang her, og heiv oss rundt. Me var på plass klokka ti, og stogga arbeidet med mastefesta, fortel aksjonist Gudrun Folkedal, som er meld til politiet etter hendinga.
SYNNØVE KVAMME: Regjeringa sin monsterbløff
Aksjonen gjekk føre seg der Granvin og Ulvik møtest, like ved Angerskleiv.
– Ein interkommunal aksjon, seier Folkedal, som hadde trudd anleggsarbeidet var over for i år.
– No vil me ha ferie. No får arbeidarane snart reisa heim.