Nok eit gull for raudosten

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Meierisjef Jens Hagen var spent før årets konkurranse, men grenseysteriet fekk både gull og ærespris for osten merka 164.

 – Vi har nok lurt på om vi hadde nådd toppen, og hadde kanskje forventa dårlegare resultat, men nok ein gong fekk vi bevis på at vi lagar kvalitetsost, seier ein svært tilfreds meierisjef.  

Raudosten frå Lom og Skjåk har heller aldri hatt så høg poengscore som i år, og scora mykje betre enn neste ost i klassa. Tine Lom og Skjåk konkurrerte mot fire andre anlegg og 13 ulike brunosttypar.

 – Dette er eit bevis på at arbeidsstokken her gjer eit framifrå arbeid, seier Hagen.  Gullmedalje og ærespris vart utdelt på den nordiske ostemessa i Herning i Danmark.    

 Les saka i Fjuken!