Ferdaminne som tv-dokumentar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Programmet vert vist på NRK2 torsdag, med reprisar i helga og fredag 25.11. Dokumentaren er basert på «Ferdaminne frå sumaren 1860», den første boka som vart skriven på nynorsk.

Vinje blir rekna som den første moderne journalisten som laga reportasjar frå vanlege folks kvardag. Boka skildrar folk og kultur han møtte på reisa frå Austlandet til Trøndelag, og inneheld dikt som «No ser eg atter slik fjell og dalar».

Kva var det for slags tur, og kva er det med denne mannen og denne boka som enno fascinerer, er spørsmål programskapar Olav Høgetveit prøver å finne svar på i tv-dokumentaren.