Vikingar i tjukkaste Afrika

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tore Kvæven (42) er lærar frå Sirdal i Vest-Agder, og denne hausten debuterer han med den eventyrlege vikingromanen Hard er mitt lands lov.

– Eg byrja på romanen då eg var student på Ås for meir enn tjue år sidan. Eg såg for meg ei lita novelle om eit vikingskip som hadde kome i drift på havet og hamna på Afrika-kysten, men prosjektet har ete på seg og endra seg. Eg har hatt det som eit hobbyprosjekt – med fleire pausar innimellom, fortel Kvæven.

Undervegs har han lese Snorre, islendingesogene og ei rekkje historiske bøker om vikingtida. Men historieinteressa omfattar ikkje berre vikingane, og han har lese mykje om zuluane, om boarkrigen og nordamerikansk historie frå nybyggjartida.

– Særleg har eg vore interessert i periodar med store omveltingar, fortel han.

Vikingar i Afrika
Handlinga i vikingromanen byrjar i Roma i 1010 der eit digert vikingskip har lagt til kai. Om bord er det ei blanding av skandinavar, islendingar og færøyingar.

– Eg ville skriva om den tida då den gamle åsatrua rådde, og eg ville ha ein hovudperson frå Grønland. Eg har lenge vore fascinert av det som skjedde der etter at Eirik Raude kom dit, og at det voks fram bygder som levde vidare i fleire hundre år, men som vart borte. Samstundes prøver eg å visa det store spennet i vikingtoktene. Dei gjekk frå Island til Grønland – og frå Grønland til Amerika. I tillegg er det kjent at dei plyndra kysten av Nord-Afrika. Snorre omtalar fleire vikingkongar som plyndra byar i Nord-Afrika. Arabiske kjelder stadfester dette, og det er skrive ein god del om korleis folk oppfatta plyndringane. Frå Sevilla i Spania er det kjent at arabarane slo vikingane i eit større slag, og at vikingane vart hengde på torget.

– Men vikingane har aldri teke seg oppover Kongo-elva?

– Nei, det er fri fantasi. På Kanariøyane er det funne spor etter vikingar, men det er ikkje full semje blant historikarar og arkeologar.

Grønlendingen
I romanen fortel Tore Kvæven om det norske vikingskipet «Havjerven» som er ute på eit kombinert plyndrings- og handelstokt. Dei har plyndra seg nedover i Europa, men det har ikkje gått så bra.

– Dei kjem til Roma og legg seg til der for å driva handel. Der kjem det om bord ein mann som er ukjent for alle, og han tek kontakt med hovdingen. Han har kart og fortel om ei eldgamal handelsrute som fønikarane brukte ved kysten av Afrika. Derifrå gjekk dei oppover ei elv til dei indre delane av kontinentet der det finst mykje gull.

– Den framande mannen Ulfr kjem med framlegg om at dei skal dra til Afrika. I staden for å handla skal dei plyndra det afrikanske riket. Hovdingen har aldri høyrt om skip som har reist i den retninga, og han er skeptisk. Han trur ikkje at det finst siviliserte folk eller rikdom i området, og han svarar nei til å reisa dit.

GÅ TIL BOK-SIDENE VÅRE!

– Ulfr provoserer kjapt fram eit slagsmål, og han drep hov­ding­­en. Mannskapet er ikkje viljuge til å akseptera ei Afrika-reise, og dei viser til at hovdingen har noko ugjort i Spania, der dei vart svindla på vegen nedover. Kan Ulfr hemna det som skjedde der, kan vikingane vera viljuge til å følgja han. Det greier han, og dei legg ut på den lange reisa vidare sørover mot Afrika-kysten. Dei kjem til slutt fram til eit rike som har fått namnet Mapungubwe, som ligg på grensa mellom Zimbabwe og Sør-Afrika. I dag er staden verdsarvminnesmerke.

Svære skip
Tore Kvæven har vitja Afrika fleire gonger.

– Eg har vore både på kysten av Nord-Afrika og i det sørlege Afrika, der vikingane i boka endar opp, men eg har aldri segla på Kongo-elva.

– I boka fortel du om vikingskip med hundre og førti mann?

– Så store skip er omtalte fleire stader. I arbeidet med boka har eg hatt kontakt med båtbyggjaren Jon Bojer Godal, som er involvert i bygginga av verdas største replikk av eit vikingskip i Haugesund.

– For meg har det vore viktig å få til ei spennande forteljing, men samstundes har eg freista å gjera boka så historisk korrekt som mogleg, fortel Tore Kvæven.

LES SAKA I DAG OG TID!