Filmforsmak på «Arme Riddere»

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Filmen er basert på ei historie av Jo Nesbø og kjem frå produsenten av «Fritt Vilt». Han fortel historia om den rufsete vennegjengen som vinn 1.739.361 kroner i tipping – og ikkje klarer å dele summen likt. Det blir det gladvold av.

– «Arme Riddere» er ei ekte røvarhistorie ein aldri heilt veit kvar tek vegen. Sjølv etter å ha sett filmen tallause gonger gjennom heile arbeidsprosessen, blir eg stadig overraska over kor uventa og spennande han er, seier regissør og manusforfattar Magnus Martens om sin eigen film.

I hovudrollene får publikum oppleve Kyrre Hellum, Mads Ousdal, Arthur Berning og Andreas Cappelen. På rollelista står også Henrik Mestad, Lena Kristin Ellingsen, Fridtjov Såheim, Anne Marie Ottersen, Jan Grønli og Peter Andersson. (©NPK)

LES SISTE FILM-NYTT HER!

Sjå traileren under: