Fredag slepp seks menn ut etter å ha vore 520 døgn i ein trong modell av eit romskip.

NPK-NTB
NPK-NTB

Mennene har levd under same forhold som mannskap på ei bemanna ferd til Mars, berre at "romskipet" har vore plassert på ein parkeringsplass i Moska.

Blant spørsmåla som må avklarast før ei slik ferd eventuelt kan gjennomførast, er kva psykologiske påkjenningar marsfararane vil bli utsette for. Dei seks mennene frå Russland, Kina og Europa har vore frivillig innesperra for å finne svar på dette.

Forsøkspersonane vart plukka ut blant tusenvis av høgt kvalifiserte søkjarar, skreiv London-avisa The Guardian då eksperimentet i Moskva vart innleidd i juni i fjor. Eksperimentet har skjedd i regi av den europeiske romfartsorganisasjonen ESA og vert kalla Mars 500.

– Vitskapsfolk ventar spent på dei siste prøvane som skal takast, medan mannskapet tel timane som er att til dei kan nyte fridomen. Fagfolka er alt begeistra for det eineståande materialet dei har fått tilgang til, heiter det på ESA-nettsidene.

Dei seks har hatt kvart sitt soverom i romskipsmodellen som er på storleik med ein leddbuss. ESA-spesialisten Patrik Sundblad seier til The Guardian at det «har gått litt opp og ned med humøret» til deltakarane gjennom meir enn 500 dagar, men at det måtte ein rekne med. (©NPK)

Korleis tenkjer du det hadde vore å reisa til Mars?

Sjå video frå ESA under:

Sjå ein av dei første videoane frå eksperimentet:

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.32

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE