Handel og service knuser industrien

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Handel og service kjem til å knuse industri og bergverk når veksten dei neste åra skal hentast ut, ifølgje nærings- og handelsminister Trond Giske.

– Det er nesten umogleg å seie i dag kva me skal leve av i åra som kjem. Men ingenting tyder på at det er industrien som kjem til å skape den store veksten i norsk økonomi i åra som kjem, slo nærings- og handelsminister Trond Giske (Ap) fast på Virke-konferansen i Oslo tysdag.

Må auka produktiviteten
– Når me skal skape ein kraftig støyt i produktiviteten i åra som kjem, er det naturleg å vende seg dit kor dei store sysselsetjingsgruppene er. Og det er ikkje lenger i industrien, sa Giske.

Han ventar ei forsterking av dagens utvikling og viste under talen sin på årskonferansen til sysselsetjingstal, der det kjem fram at handels- og tenestesektoren sysselset nesten tre gonger så mange menneske som industri og bergverk – 1 million årsverk mot 340.000.

Helse og omsorg
Også helse- og omsorgssektoren ligg allereie no føre industrien med ei sysselsetjing på rundt 500.000 årsverk. Det er venta ei kraftig auke i behovet for arbeidskraft i denne sektoren etter kvart som etterkrigsgenerasjonen går inn i pensjonisttilværet.

– Me definerer produktivitet som bruttonasjonalprodukt per arbeidstakar. Då er det å setje innovasjon og produktivitetsvekst i tenesteytande næringar det beste bidraget me kan gi til å auke levestandarden vår, sa Giske. (©NPK)

Kva bør Noreg satsa meir på for å ha noko å leva av i framtida?