Regjeringa sin monsterbløff

Synnøve Kvamme
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ekspertar har hevda det, lokalsamfunnet har mistenkt det, rapportar har fastslått det, og no – endeleg – politikarane har innrømt det: mastene i Hardanger blir bygd for å eksportera kraft til utlandet. Er det tilfeldig at dei venta med å innrømma dette til anleggsarbeidet var i full gang i Hardanger?

Per Rune Henriksen framstiller det som ei positiv "overrasking" at Sima-Samnanger vil opna for krafteksport og verdiskaping, og hevdar at forsyningstryggleiken til Bergen heile tida har vore det drivande momentet bak utbygginga. Interessant å sjå at statssekretæren i Olje- og energidepartementet ikkje har fått med seg eit einaste moment frå utvala hans eige departement sette ned – nemleg at det ikkje er, og aldri har vore, noko straumkrise i Bergen. At Sima-Samnangerlinja isolert sett uansett ikkje vil ha nokon innverknad på straumforsyninga til Noregs nest største by, har tilsynelatande også gått han hus forbi. Desto meir provoserande er politikarane sin påstand om at krafteksport gjennom Hardangermastene berre vil vera ein bonus. Kvifor har ingen journalistar stilt spørsmålet om kor stor del av krafta som skal gå til utlandet og sokkelen?

Dei uavhengige rapportane av 1. februar anslo sjansen for at ein av dei neste ti vintrane vil bli tilsvarande den me opplevde i 2010, til under 1 %. Om det mot alle odds likevel skulle skje, vil Bergen ha behov for ein reserve på mindre enn ein fjortendel av den krafta Sima-Samnanger vil kunna overføra. Så her står altså politikarane og påstår at 290 høgspentmaster tvers gjennom uerstatteleg fjordlandskap, med ein overføringskapasitet tilsvarande heile Bergen sitt totale straumforbruk, skal stå som ein reserve for Bergen på ekstreme vinterdagar. Og som toppen av kransekaka vil dei med 99 % sikkerheit ikkje få bruk for denne reservekrafta dei neste 10 åra. Likevel får dei seg til å skildra sjansen for krafteksport som ein overraskande bonus, som om denne tanken ikkje hadde streifa dei før Statnett gjekk laus på Hardanger. Og det skal dei ha oss til å tru? Var det nokon som sa maktarroganse?

Snart vert dei siste av Statnett sine underbetalte mastearbeidarar sendt heim til Kroatia. Då kan Olje- og energidepartementet sjå fram til eit saftig søksmål frå Hardangeraksjonen. Eg gledar meg stort til å sjå dei ansvarlege for Hardangerovergrepet bli stilt til veggs. Sånn sett kjem denne innrømminga som bestilt.