Berazategui – ei oppleving

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Framføre oss sat og sto kring 200 forventningsfulle argentinarar, pluss ein neve europearar.

På søndag dro så å seia heile kullet som studerar her i Buenos Aires på ei utflukt til ein barrio – bydel – sør i Buenos Aires. Berazategui er namnet, og området er i stor grad befolka av argentinarar frå distriktet Santiago del Estero nord i Argentina. Dette er eit forhaldsvis fattig distrikt, og mange derifrå har søkt til Buenos Aires for å skaffa arbeid. Utvandrarane har stor medkjensle med dei som framleis bur i distriktet og arrangerar jamnleg innsamlingsaksjonar for å betra levekåra til si nordlege slekt. Det var ei slik tilstelning me skulle vera med på.

Klokka halv eitt på samla me oss på togstasjonen Constitución. Dette er ein togstasjon ein helst ikkje skal tusla åleine kringom på kvelds- og nattetid, då ein fort blir eit kamera eller ei lomme pesos fattigare. Dei har forresten flotte togstasjonar her i Buenos Aires. Det var engelskmenn som i si tid konstruerte og åtte jarnbanane, men under president Juan Perón kom dei i offentlege hender.

Nok om det. Me tok i alle fall toget fram til stasjonen nær Berazategui og vart her lasta ombord i lastebilar og pickup-ar som tok oss fram til plassen tilstelninga skulle vera.

Folket frå Santiago del Estero er svært opptatt av sine røter og tradisjonar, og me vart gjennom dagen vitne til ei rekkje flotte danseoppvisningar og musikalske framføringar, og åt oss mette på tradisjonsrik mat. Festen vart halde inne i ein slags hall som delvis var i friluft, delvis under tak. Her hadde ein eit grillkjøkken, bord og stolar, ei scene, og ei stort dansegolv. Kringom gjekk det også feiande flotte jenter og selde lodd til inntekt for prosjekt i Santiago del Estero. Eg kjøpte nokre lodd, for å seia det slik…

Noko av det fyrste me vart inviterte med på var å dansa. Dei freskaste av oss heiv seg verkeleg utpå i dansen, og det må nemnast at Terje frå Vik i Sogn tok kaka. Med sine sensuelle rørsler, sine springhopp, sine djupe blikk, vart han fort ein favoritt blant dei dansegalne damene på 60+. For kvar eit steg gjekk det eit sus gjennom salen, og damene dåna, klappa, og vifta med skjørta.

Heldigvis var det også rom for mindre vågale nordbuarar, så mange av oss fekk kjenna latinske rytmar vri og venda på kroppen.

Då eg fekk meg mat, noko som sjølvsagt inkluderte nydeleg kjøt, kom det ein hyggeleg eldre kar bort til meg. Han såg litt mismodig ned på plastbestikket eg hadde fått utdelt og fann fram eit nydeleg, antikk bestikk. Eg trudde han då ville selja meg det, og var igrunn ikkje så interessert i bestikkhandling på det dåverande tidspunkt, så eg avslo høfleg. Mannen gav seg derimot ikkje, og etter gjentatte avslag klarte eg via nokre hyggeleg bordnaboar å forstå at han kun ville låna meg det så eg skulle sleppa å eta biff med plastikk. Dei er stolte over kjøtet sitt i Argentina, det er sikkert! Og kniven kunne eg brukt til å barbera meg med, han skar kjøt som var det solvarmt smør.

Frå scenen kom det stadig liflege tonar frå ulike gitargrupper, nokre med songarar, nokre utan. Felles var at det gav mange høve til dansing. Eduardo, du veit han argentinaren med langt hår og skjegg, hadde spurd oss om ikkje nokon av oss ville opptre som eit slags “gi-noko-tilbake-til-dei-som-gjev-oss-så-mykje”, og det hadde me sagt ja til. På førehand hadde 4 jenter førebudd ein pardans med argentinske frendar, og 7 av oss hadde førebudd musikalske innslag. Til stor jubel gjennomførte jentene flott dansing, og etter ei stund var det tid for musikk. Fyrst var det altså han svensken på gitar, han svensken på trommer, og eg på gitar, som skulle i elden. Me hadde førebudd ein svensk klassikar “Jag hadde en gång en båt”, og trass særdeles kraftig ekko på mikrofonane og ustemde gitarar som ein ikkje høyrde medan ein song, kom me oss gjennom det til stor applaus. Finare let det då me, forsterka med fire flotte jenter, song tri folketonar frå Sverige og Noreg. Kjekt å opptre! Og eg trur argentinarane sette pris på det, om det dog kanskje var noko uvanlege rytmar og på underleg mål.

Slik gjekk dagen mot kveld, og me takka etter kvart takk for oss og heiv oss i lastebilar for å finna tilbake til toglina, og så attende til storbyen. Ein stor takk til folket i Berazategui for at dei tok så godt i mot oss og viste oss så mykje spennande.

Faktaboks

Eg heitter altså Eskil og jobbar til vanleg som lærar i Suldal kommune i Rogaland. Eg underviser i naturfag og matematikk, men ville no utvida mitt fagfelt til også å gjelda spansk. Difor tek eg eitt semester i Argentina og eitt i Nicaragua med Kulturstudier. Grunnen til at eg valde Buenos Aires var at eg alltid har drøymt om å studera i latinamerika, og det virka fantastisk å få oppleva Argentina med fotball, biff, raudvin og tango, samt at eg vonar å få gode venner frå ein heilt annan verdsdel.

Vern dei siste naturverdiar!

Les bloggen her!