Iran-ekspert og menneskerettsforkjempar Mahmood Amiry-Moghaddam meiner det vil kome ein revolusjon i Iran.

Lars Thorvaldsen/Universitas
Lars Thorvaldsen/Universitas

– I ein fersk FN-rapport kjem det fram at over 200 har avrettingar har funne stad i Iran i 2011. Regjeringa hevdar likevel at han er fabrikkert. Kven skal vi tru på?

– Det reelle talet er faktisk høgare. Ifølgje offisielle kjelder er det cirka 350 så langt i år. Denne rapporten vart skrive rundt august. Sett frå vår ståstad er rapporten veldig forsiktig, men det kjem ein ny rapport om eit par månader som vi håpar kjem til å dekke ein større del av biletet. Men det at iranske styresmakter seier slike ting, er ikkje noko nytt.

– Kven er desse menneska som blir avretta?

– Dei fleste er arrestert i samband med narkotikarelaterte lovbrot, men òg mord, kidnapping og voldtekt. Men når det er sagt blir det mindre protestane dersom ein seier at ein avrettar narkotikasmuglarar. Fåtalet av dei avretta blir identifisert med namn. Vi veit ikkje kven dei er, eller om det har føregått ein skikkeleg rettsprosess. Målet til regimet er å ha eit stort mengd dødsstraffar for å spreie frykt.

– Du har sagt til Dagsavisen at Irans ungdom er ein tikkande bombe. Kva tenkte du på då?

– Dei er ein tikkande bombe sett frå sida til regimet. I 1980 var folketalet 35 millionar og no er det over 70 millionar. Halvparten av folkesetnaden er under 30 år og utdanning er ikkje uvanleg, spesielt for jenter. Dette er ein av grunnane til at regimet må bruke så mykje frykt for å styre landet. Dette er ei gruppe som har krav som styresmaktene ikkje kan gje svar på. Difor brukar dei valden og dødsstraff.

LES OGSÅ: Denne plaktaten fornærmar Iran

– Trur du regimet fryktar ein ung og utdanna generasjon?

– Ja. Etter presidentvalet i 2009, då det vart demonstrasjonar i gatene, var det unge kvinnene og menn og studentar som opponerte, og regimet frykta universiteta. Då Khamenei kom til makta etter revolusjonen i 1979, var det første han gjorde å stenge universiteta i to år. Eit anna døme er at ein gjev studentane det ein kan kalle disiplinære stjerner som først og fremst er retta mot studentaktivistar. Får ein tre stjerner, mistar ein studieretten for alltid.

– To studentleiarar vart arrestert i samband med opprøret i 2009 og sit enno i fengsel. Er dette uvanleg?

– Regimet har gått etter alle som kan tenkjast å organisere noko som helst mot dei. Dei har fått tunge fengselsstraffer alle saman, og det gjeld òg desse studentleiarane. Viss du ser på kva de eigenleg har gjort, er det ikkje ulovleg ifølgje konstitusjonen.

– Trur du vi får sjå ein revolusjon i Iran slik vi har sett i mange arabiske land det siste året?

– Absolutt. Mange har vorte inspirert blant anna av det som skjedde i 2009. Kvar generasjon har i alle fall eitt forsøk på revolusjon, såg det vil heilt sikkert kome. Regimet toler ikkje ein ny motstandsbølgje, for det er ikkje lenger tvil om kva folket vil.

Mahmood Amiry-Moghaddam er iranekspert, talsmann for Iran Human rights og anatomiforskar ved Universitetet i Oslo.

LES SAKA I UNIVERSITAS!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.32

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE