Fekk fersk fjellsportpris
Ho har gått, padla og klatra sine eigne vegar. Fredag kveld fekk Sigrid Henjum Den Store Fjellsportprisen under fjellsportbalubaen i Sogndal.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Sigrid Henjum frå Leikanger, no busett i Jostedalen, har gjort seg kjent gjennom fleire ekspedisjonar til fjerne himmelstrøk og ikkje minst ei eineståande evne til å formidla opplevingane og dela med andre. Sigrid er 28 år gamal og utdanna sjukepleiar.
I tillegg har ho studert friluftsliv. Sigrid har mellom anna padla rundt Sør-Georgia og kryssa Grønland. Ho er matskribent for magasinet UTE.
Statuttar
I statuttane for Den Store Fjellsportprisen heiter det mellom anna: Ein årleg pris sett ned av Bratt moro AS som skal delast ut til ein person, eit lag eller ein organisasjon som har fremja fjellsporten.
Juryen er samansett av følgjande personar: Rolf Sanne Gundersen, distriktsredaktør NRK Sogn og Fjordane, Kristina Klokkehaug, lærar og tryggleikssjef Fjellsportfestivalen og Andreas Haslestad, fjellførar/tindevegleiar.
Grunngjeving
Juryen si grunngjeving for årets prisutdeling: Personen som tek imot Den Store Fjellsportprisen 2011 har utmerkt seg ved at ho har realisert draumane sine og er i ferd med å gjera ekspedisjonslivet til levebrød.
Særleg har ho greidd å formidla eigne opplevingar vidare, til inspirasjon og glede for alle som har høyrt føredraga hennar. Ho byr på seg sjølv og er ekte i formidlinga av dei gode og spennande opplevingane, men har samstundes vist at ho også meistrar å setja ord på dei triste opplevingane livet byr på. Ho står for sunne verdiar, er uredd og torer å flytta grenser.
Tur
Sigrid Henjum fekk prisen utdelt av Heidi Katrin Osland, styreleiar for Høgskulen i Sogn og Fjordane. Prisen i år er ein tur til St. Anton i Austerrike saman med festivalsjef Knut Myking og balubasjef Henrik Langeland.