«Fritt vilt»-folk lagar Vestlands-action

Teamet bak den aller første «Fritt vilt»-filmen er tilbake med ein ny og storslått actionfilm lagt til Vestlandet i tida etter svartedauden.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Lagar action-film frå Vestlandet

Det fortel Fantefilm Fiksjon AS og Nordisk Film Distribusjon.

Filmen har fått tittelen «Flukt» og får premiere 28. september 2012. «Fritt vilt»-regissør Roar Uthaug får blant andre med seg Ingrid Bolsø Berdal i éi av hovudrollene i filmen, som skal spelast inn i Sirdal i Rogaland, ifølgje nettavisa Sirdølen.

Filmen tar oss med tilbake til år 1363. Svartedauden har tatt livet av halve befolkninga. Mange reiser frå død og elende på jakt etter eit betre liv andre stader. Men det er lite folk i landet, i fjella herjar lovlause bandar, og eit menneskeliv er lite verdt, heiter det om handlinga.

– Med «Fritt vilt» viste vi at vi kan måle oss med amerikansk skrekkfilm. Med «Flukt» skal vi servere ei heilt ny og spektakulær kinooppleving. Med den fantastiske vestlandsnaturen som ramme er vi no i gang med å lage ein actionfilm som vil overraske og fengsle eit stort norsk kinopublikum, seier produsent Martin Sundland.

– «Flukt» skal bli eit storslått eventyr som tar oss tilbake til ei tid som er lite skildra på norsk film. Han skal bli ein episk berg-og-dalbane-tur av ein spenningsfilm, meiner regissør Roar Uthaug. (©NPK)

Gler du deg til filmen?