Daglegliv i Buenos Aires

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ho held til i sin Lavaderia ei gate ned og to til høgre for der eg bur. Eg leverar skitne klede, ventar nokre timar, kjem attende med 20 pesos (snaut 30 kroner),og går heim med nyvaska, nystrokne klede. Ein slik vane kan verta vond å venda…

No er livet i Buenos Aires meir rett å kalla daglegliv. Eg er kommen inn i tralten. Dagane flyg forbi som frie fuglar, og om ikkje lengje er vekene som var fleire enn vekene som kjem.Vekedagane består stort sett av det same. Eg byrjar 9 eller halv 11 med spanskleksjon eller spansk seminargruppe, så et eg eit føremiddagsmat i kantina i kjellaren på fakultetet, og så gjer eg lekser fram til 3-4 på ettermiddagen. Etter det følgjer litt ymse påfunn, før eg et middag i “Peru” – det før nemnde eine studenthuset nokre av oss bur i. Der har nemleg eigaren, Leandro, sett i gong med matservering kvar kveld for dei som vil ha. Me betalar 150 pesos, dvs kring 200kr, for måltid 5 kveldar i veka. Forrett, hovudrett og dessert. Alltid med meir til den som spør. Heilt grei pris, igrunn…

Tysdagar er det spansk-amerikansk litteratur som står i fokus. Då har me førelesningar med diktarkongen Éze, som guidar oss gjennom historia til argentinsk og anna latinamerikansk litteratur. Éze køyrer eit knallhard løp, for etter 2 timars førelesning har han 4 seminargrupper á 1,5 timar der me diskuterar tekstane me har lese siste veka. Det er artig, spennande, og utfordrande å få kjennskap til heilt ny litteratur. Siste veka har me jobba med dikt av forfattaren Pablo Neruda. Eg likte godt diktet “Dikt XX”. Det er å lesa på nynorsk om ein vil, sjekk ut “Dikt i utval. Av Paulo Neruda” omsett av Kjartan Fløgstad.

På onsdag var det noko dei kallar for “den fyrste vårdagen”. Det er den 21.september, og universitetet gjev då studentane fri til å henga i parkane og nyta livet. Me var maks heldige med været denne dagen. Varmt og flott, ikkje vind. Nokre argentinarar me er blitt kjende med hadde invitert oss i ein park for å spela fotball og for å praktisera spansk. Det vart fotballspeling, prating, latter og liv, i varme timar utover ettermiddagen. Riktignok blir det mange stotrande spanske setningar, men jammen er det god trening. Og argentinarane er tydelegvis eit folk med tålamot. Mange vart også for fyrste gong introdusert til drikken Máte, nok dei drikk i Argentina og nabolanda ikring. Det er som ein slags “te av høy og ugras”, men det er faktisk ikkje så gale når ein blir vane med det.

-Åh, forresten så har eg kjøpt meg gitar! Det var ei fantatisk oppleving. Ei svensk tjej og eg var ute i same ærend, og slo oss saman for å få ein god pris. Me snusa innom ulike gitarforretningar til me fann ein som selde argentinske. Begge var igrunn ute etter ein så billeg modell som mogleg, men hadde ikkje heller lyst til å kjøpa kinesisk. Det måtte jo vera argentinsk, sjølvsagt! Medan me sto og prøvde ulike modellar, kom ein flott, kraftig, eldre herremann inn i butikken. Han hadde sixpence, tweedjakke, firkanta briller, og valde seg ut ein fin gitar berre for å spela litt. Nydelege tonar strøymde ut i lokalet. Han leika seg kjærleg med strengane. Så måtte eg spela litt for han, og enda opp med å spela litt av Lillebjørn Nilsen, som heldigvis gjekk heim hjå han og andre tilhøyrarar. Og sidan eg song også, fekk eg han til å syngja litt. Som trollbunden stod eg der lyttande og smilande medan han trylla fram ei argentinsk vise som sikkert handla om tapt kjærleik. Fantastisk! Den svenske tjejen og eg  gjekk glade ut av butikken med kvarsin argentinske gitar under armen.

Så litt om mat i argentina. Far min hevdar det beste kjøttstykke han nokonsinne har fått servert var på Shepp Ranch langt ute i villmarka i Idaho, USA. Det er det kanskje, men det viser også at han ikkje har vore i Argentina. For her er biffen som fløyel, som sukkerspinn på tunga, saftig som drygt mogne plommer, med smak utav ei anna verd. -Ja, litt som om det var Willi Wonka som hadde produsert biffen. Og ein får så det monar. For ein hundrelapp får ein eit kjøttstykke, nei.. det blir for simpelt…, eit himmelsk kjøttstykke på kring halvkiloen, og i tillegg poteter, salat, og vin. Den beste biffen er den som er grilla, og det er dei fleste. Min favoritt er blitt Bífe de Chorizo, som er ein slags t-bone steak. Den har god feittrand. Og er saftig. Sjå bilete…

Argentinarar er glade i å gå ut, og det gjer dei seint. Ein går ut for å eta middag, for å dansa, for å festa, for å prata, for å drikka kaffi. Middagen, som også her er det viktigaste måltidet, et ein gjerne etter kl 10. Ja, det er ikkje uvanleg at ein ser familiar eta middag kring midnatt midt i vekene. Ute på restaurant. Med ungar. Spansklærerinna mi, Sól, såg undrande på meg då eg fortalde at me vanlegvis åt mellom 4 og 5 i Noreg. -Kan det vera sunt? Og skal ein ut og nyta nattelivets gleder treng ein ikkje nøyta seg… Konsertar byrjar sjeldan før midnatt, barane er opne til sånn 4-5 på morgonen (og stengjer kun fordi det er på dei tider nattklubbane opnar). Og glade dreg ein heim etter at hanen har sagt sitt… I kveld, til dømes, skal eg fyrst på ein historietime om Argentina. Den byrjar i halv sju-tida. Så dreg me til bydelen Palermo for å eta biff. Blir vel i 11-tida, det. Seinare er det konsert med nokre lokale band. Som byrjar i eitt-tida.

Slik går no dagane…

Faktaboks

Eg heitter altså Eskil og jobbar til vanleg som lærar i Suldal kommune i Rogaland. Eg underviser i naturfag og matematikk, men ville no utvida mitt fagfelt til også å gjelda spansk. Difor tek eg eitt semester i Argentina og eitt i Nicaragua med Kulturstudier. Grunnen til at eg valde Buenos Aires var at eg alltid har drøymt om å studera i latinamerika, og det virka fantastisk å få oppleva Argentina med fotball, biff, raudvin og tango, samt at eg vonar å få gode venner frå ein heilt annan verdsdel.

Vern dei siste naturverdiar!

Les heile bloggen her!