Nordisk på Qfilm

Qfilm avslører temaet for årets festival.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Valet fall på nordisk film sidan vi synest det er alt for liten merksemd på gode filmar som blir produserte i Norge og nabolanda våre, seier leiar av årets Qfilm, Mathilde Dahl Igland.

For alle
Under Qfilm vil det bli vist ulike filmar innafor ulike sjangrar. Hovudmålgruppa er ungdom, men i år satsar dei på å visa filmar som både born og vaksne kan koma på.

– Me vil ikkje berre visa filmar for ungdom, og har difor fleire filmar som er retta mot barn. Mange av filmane passar både for ungdom og vaksne. Me tykkjer det er viktig å få fram at Qfilm er for alle, seier Igland.

Aktivitetar
I tillegg til å visa filmar i Qfilmveka, arrangerer dei 12 ungdomane òg aktivitetar gjennom heile veka.

– Me har planlagt å ha ulike aktivitetar og matservering før og etter filmane, der det vil bli både noko for barn og ungdom. Me vil gje ungdomane eit rimelig tilbod til ein god middag før me viser spelefilm på kveldstid, legg Igland til.

LES SAKA I SOGN AVIS!