USA vil ha «Hodejegerne»

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

USA vil ha «Hode- jegerne»

Produksjonsselskapet Yellow Bird har selt dei engelskspråklege filmrettane til Jo Nesbø-boka «Hodejegerne» til det amerikanske filmstudioet Summit Entertainment.

– Vi er utruleg glade over å ha fått avtalen på plass med Summit, som les boka for lenge sidan – og som har vore enormt entusiastiske til å lage ei amerikansk filmatisering, seier Berna Levin, utviklingssjef i Yellow Bird.

Filmen vil bli produsert av Yellow Bird på oppdrag av Summit Entertainment, heiter det i ei pressemelding. Yellow Bird har tidlegare mellom anna produsert dei svenske «Millennium»-filmane. Også i det tilfellet selde selskapet dei engelskspråklege filmrettane – den gong til Colombia Pictures.

Yellow Bird er samprodusent på «The Girl With the Dragon Tattoo» i regi av David Fincher – som får premiere mot slutten av året.

– For oss på Yellow Bird inneber avtalane med Summit at vi får sjansen til å arbeide med ein sterk partnar som deler vår visjon og engasjement for den fantastiske historia til Næsbø, samstundes som vi held fram å etablere oss som produsentar i Hollywood, seier Levin.

Boka «Hodejegerne» er så langt selt til 27 land.

Sett av 500.000
Måndag passerte «Hodejegerne» 500.000 selde billettar, etter 46 dagar på norske kinoar.

Dermed går thrilleren til regissør Morten Tyldum inn som den nest mest sette norske filmen dei siste ti åra – berre overgått av «Max Manus».

Skurken i filmen, Nikolaj Coster-Waldau, er dansk, og har kanskje ført til ekstra interesse for «Hodejegerne» også i Danmark: Der har filmen passert 120.000 selde kinobillettar. Ifølgje filmselskapet er dette nesten fire gonger så mykje som nokon annan norsk film har klart.

– Det er som om eventyret ikkje vil ta slutt, seier produsent Asle Vatn.

I helga vart det klart at Hollywood har kjøpt dei engelskspråklege filmrettane til Jo Nesbø-boka, så heller ikkje for Nesbø tek eventyret slutt. (©NPK)