Tre kvinner får fredsprisen

Ellen Johnson-Sirleaf, Leymah Roberta Gbowee og Tawakkol Karman får Nobels fredspris 2011.

Andrea Øien Sæverud
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tre kvinner får freds- prisen

Tre kvinner får Nobels fredspris 2011, kunne leiar i Nobelkomiteen Torbjørn Jagland kunngjere fredag føremiddag. Ein president, ein fredsforkjempar og ein menneskerettsaktivist.

Den liberiske presidenten Ellen Johnson-Sirleaf (72) har fått fredsprisen for 2011 saman med den liberiske fredsaktivisten Leymah Roberta Gbowee (72) og journalist og menneskerettsaktivist Tawakkol Karman (32) frå Jemen.

Sterke kvinner
Ellen Johnson-Sirleaf blei valgt til president i det vest-afrikanske landet Liberia 2005, og er den første og til no den einaste kvinnelige presidenten i Afrika.

Leymah Roberta Gbowee er direktør for Women Peace and Security Africa. Ho var ein av dei som organisere fredsrørsla som felte tidlegare president og krigsforbrytar Charles Taylor, og med det fekk slutt på de brutale borgarkrigen i Liberia.

Etter borgarkrigen kom Ellen Johnson-Sirleaf til makta, og blei med det den fyrste demokratiske valde kvinnelege presidenten i Afrika.

– Dette er stort for både min eigen og andre sin kamp for demokrati i Afrika og Liberia, seier Ellen Johnson Sirleaf til VG Nett om å vinne fredsprisen.

Dei to kvinnene frå Liberia deler prisen med den jemenittiske menneskerettsaktivisten og journalisten Tawakkol Karman. 32-åringen er den yngste som nokon gong har blitt tildelt Nobels fredspris.

– Tawakkol Karman har både før og under «den arabiske våren», under dei mest krevjande forhold, spelt ei leiande rolle i kampen for kvinner sine rettar og for demokrati og fred i Jemen, sa Jagland i grunngjevinga for prisen.

– Verdig
Statsminister Jens Stoltenberg gratulerer fredsprisvinnarane, og kallar tildelinga for viktig og verdig.

– Denne prisen er ei viktig framheving av innsatsen deira for å sikre sikkerheit og rett til deltaking i fredsbyggande arbeid for kvinner. Dette er avgjerande i arbeidet for fred og for å hindre konflikter, seier Stoltenberg.

Sist gong fredsprisen gjekk til ei kvinne var i 2004, til den nyleg avdøydde kenyanske miljøforkjemparen Wangari Maathai.

– Nobelkomiteens håpar at denne prisen vil hjelpe til med å få bukt med undertrykkinga av kvinner, som framleis skjer i mange land, sa leiar i Nobelkomiteen Thorbjørn Jagland i talen sin då prisvinnarane blei avslørt.

– Kvinner i dag lid mest i konfliktar og krigar, blant annet gjennom valdtekt. Utan å få kvinner med i fredsprosessen, kan ein ikkje oppnå fullt demokrati, sa Jagland.
 

QUIZ: Kva veit du om Nobels fredspris?

Faktaboks

– Nobels fredspris blir delt ut i Oslo kvart år, og har blitt kalla verdas mest prestisjefylte fredspris.

– Prisvinnaren får ein medalje og ein diplom, i tillegg til 10 millionar svenske kroner.

– I år fekk den norske nobelkomiteen 241 forslag til nobelprisen, 53 av desse var organisasjonar. Dette er rekordmange nominasjonar, førre rekord blei sett i 2010 med 237 nominerte kandidatar.

– Fredsprisen er éin av fem prisar som sidan 1901 har blitt utdelt i regi av Nobelstiftelsen i Stockholm for framifrå innsats innanfor områda fysikk, kjemi, fysiologi eller medisin, litteratur og fred.

– I 2010 fekk den kinesiske Liu Xiaobo fredsprisen, noko som førte til at norske myndigheter og næringsliv i ettertid blei kjøleg mottekne i Kina.

Kjelde: Den Norske Nobelkomite