Vil ikkje ha nissar på Vest- og Sørlandet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nektar å ta i mot nissar på Vest- og Sørlandet

Gammaldagse fjøsnissemotiv er det hottaste på julekortfronten i år. Men sørlendingar og vestlendingar vil helst ikkje ha nissar.

No er årets julekort nettopp trykte og er snart på veg til butikkane. Det er det gamle som gjeld når vi skal velje kva for julekort vi sender, og i år er moten meir nostalgisk enn nokon gong.

Dompapar og nissar i aust
– Dompap er trendy, og i det heile vinterlandskap er trendy, i tillegg til nissar, seier Geir Halgunset, produktansvarleg i Aune Forlag i Trondheim til NRK. Forlaget er eitt av Noregs største på kort og kalendrar og leverer hovudsakleg til bokhandlarar.

– I år har vi laga ein ny nostalgisk nissekortserie med dei kjente norske nissane. Bileta er trykt på tilsynelatande gammalt papir og kartong for å underbyggje den nostalgiske utsjånaden, seier Halgunset.

Gamle fjøsnissar er det store i det meste av landet, men det gjeld ikkje over alt. Sørlendingar og vestlendingar vil nemleg helst ha kristne motiv på korta.

– Veldig mange vil ha kristent motiv i staden for nissar. Sjølvsagt vert det selt nissemotiv også her, men samanlikna med andre stader er innslaget av nissekort mindre der enn i resten av landet, seier Halgunset.

Må ha eigne pakkar
Forlaget sel ferdigkomponerte julekortpakkar til mange av kundane sine, men på Sørlandet må forlaget komponere eigne pakker, tilpassa den enkelte kunde.

– Det er ein del kundar på Sørvestlandet som ikkje vil ha nissekort i det heile, seier Halgunset.

Julekort med englar gjer det bra – og stadig betre – i heile landet. (©NPK)

Er det teit med nissar? Kva er det ultimate julekortet for deg?