UiB-studentar imponerte amerikanarane med norsk natur og filming frå helikopter. Sjå filmen her!

mm
Faktaboks
LES FAKTALUKK FAKTA

– Vi var veldig spent på korleis eit utanlandsk publikum ville reagere på filmen. Det er på ein måte norsk tematikk, med litt sær humor, fortel Lars Jacob Dyvig, produsent i den prislønna kortfilmen «Sukkertoppen» til Studvest.

Det var ved kortfilmfestivalen DCShorts i USA at filmen stakk av med prisen «Outstanding Cinematography». Festivalen hadde rundt 1200 søkarar, og 145 av dei vart plukka ut til å bli vist på festivalen.

– Vi vart veldig overraska då vi vant. Samstundes låg det mykje tanke bak alle scenene, seier Dyvik.

Leif Ove Larsen, fagleg ansvarleg ved film- og TV-produksjon ved Universitetet i Bergen, seier dette om filmen:

– Han er veldig flott fotografert! Han er morosam og godt laga, den spektakulære naturen har nok imponert.

Filmen er for det meste spela inn i Vaksdal og Leknes, der varden i filmen ligg.

Basert på sann soge
Handlinga i «Sukkertoppen» er basert på ei sann histore og er filma i heimbygda til Dyvik i Vaksdal. Filmen inneheld fleire helikopterbilete av dramatisk natur, noko som er imponerande med budsjettet teke i betraktning.

– Vi hadde åtte innspelingsdagar og eit budsjett på 5000 kronar. Men eg visste at BKK skulle fly i området, og tok kontakt. Etter ein del fram og tilbake viste det seg at det var naboen min som var ansvarleg for dette. Så då fekk vi sitja på!

Dyvik vart ferdig ved UiB i vår, og har saman med nokre av makkerane frå «Sukkertoppen» starta sitt eige produksjonsselskap.

– Målet er å kunne leve av det om nokre år, men førebels må alle ha tilleggsjobbar, seier han til Studvest.

Sjå filmen under:

Sukkertoppen from A. D. S. Haldorsen on Vimeo.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.32

LES OGSÅ

ANNONSE