Ei natt – mange bekymringar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ei natt – mange bekym- ringar

Knut Kolnar, forfattaren bak boka «Pornutopia», meinar me lev i ei samfunnsform som hyllar begjæra og formar kjønnet og drifta.

– Me lev i det glødande kredittkorts epoke. Og i den kontekst blir sex nærast shopping på sitt mest intense, fortel Kolnar.

Forfattaren forklarer at det har skjedd forandringar på den seksuelle fronten.

– Kvar generasjon knullar på ulikt vis. Sjølv om det reint tekniske repertoaret kan sjå forbausande likt ut, så er det idag andre skamtersklar, nye krav og nye forventningar til seksualiteten. Me må prestere under andre erotiske himlar, seier forfattaren.

– Ny folkesport
Kolnar trur one night stand har mange ulike sider.

– Det opnar for utforsking av kropp og seksuell tenning, for nysgjerrigheit og utprøving av attraktivitet. Det kan dreie seg om å smake på dekadensen, om å bygge ein spesiell type erotisk CV, eller eit ynskje om å knulle på seg eit trendy, kult, walk on the wild side, rockeimage, meinar han og viser til ein ny erotisk sport:

– Det er ein type buffet-sex der dei romantiske kontraktane ofte er satt ut av spel og attraktivitetens reglar forskjøvet, idet nattas sexpartnar tilhøyrer augeblikket og ikkje framtida. Det opnar for utprøving og eksperimentering, og i den kontekst er det retorisk at eg seier at one night stands er blitt den nye erotiske folkesporten.

Kolnar trur denne nye sexforma heng saman med pornochic-trenden.

– I pornografien brukast fetisjar for å fokusere og stimulere seksuell apetitt. Når dette går over i populærkulturen brukast det til å bygge image, meinar han.

– Risikosex
Men etter den søte kløe, kjem den sure svie. Helsesøster ved Engen Helsestasjon, Agnes Giertsen, ser ei auking av klamydia blant studentar i Bergen.

– Me trur den store aukinga av klamydiatalet her i Bergen kjem av at det stadig er fleire som testar seg og at me eg gode på oppsporing, seier Giertsen.

I årsrapporten frå 2010 for Helsestasjon for unge, kan ein lese at dei hadde 5910 konsultasjonar, og at studentane utgjorde 67 prosent av desse. Av dei 2636 klamydiatestane som vart gjort, låg andelen på positive testar på 15 prosent, noko som er høgare enn i fjor. Giertsen trur dette kan ha fleire årsakar.

– Frigjort sex er nok til ei viss grad ein av grunnane til det aukande talet, men den viktigaste grunnen er at norske ungdommar til dels driv med risikosex ved å ikkje bruke kondom, meinar helsesøstra.

LES SAKA I STUDVEST!

Faktaboks

KLAMYDIA
• Den vanlegaste seksuelt overførbare sjukdommen.
• Infeksjon som forårsakast av bakterie. Kondom beskyttar mot smitte.
• Kan redusere fruktbarheitsevna.
• Symptom: Utflod, svie, kløe.
• 50-90 prosent av smitta menn og 90 prosent av smitta kvinner får ingen symptom.
• Du kan teste deg med ein enkel urinprøve. Behandlinga tar 1-2 veker på antibiotika.