Korleis kan minnet om ein heil månad bli borte for eit heilt folk? Chan Koonchungs nære framtidsroman handlar om det.

Roald Helgheim/Dag og Tid
Roald Helgheim/Dag og Tid

Året er 2013, hovudpersonen Chen i romanen er ein ganske populær forfattar som er attende i Beijing etter mange år i Hongkong og Taiwan. Han bur i Lykkens landsby nr. 2 i den mest moderne nordaustlege delen av Beijing, som også er det kulturelle sentrum. Han møter sin gamle flamme Xi, som han skjønar har problem, i eit land han sjølv trass i sensur og mangel på ytringsfridom tykkjer han har det bra i. Så vert Xi borte, og leitinga fører han bak fasaden til eit land der det perfekte diktaturet råder, eit diktatur folket sluttar opp om fordi det har berga nasjonen gjennom ei krise skapt for det føremålet, i ein roman som mange vil tenkje er ein kinesisk versjon av George Orwells 1984.

– Den las eg i gymnastida og han vert framleis lesen i Kina, seier Chan Koonchung, som er fødd Shanghai i 1952, som er oppvaksen i Hongkong, men som sidan 2000 har budd i Beijing. Han har ein lang karriere som journalist, forfattar, forleggjar og filmprodusent og har etablert nettverket Minjan International, ein organisasjon for kontakt mellom intellektuelle i Asia og Afrika. Fete år kom ut i 2009 i Hongkong og er no ute i femten land, mellom dei Noreg, der Dag og Tid møtte forfattaren under Oslo bokfestival. Han fortel at boka ikkje kjem ut i Fastlands-Kina.

– Romanen er gjord tilgjengeleg på internett, og eg får tilbakemeldingar om at det som hender i romanen, liknar meir og meir på røyndomen. Så lenge han berre finst på nett, kan styresmaktene berre late som han ikkje finst i det heile, men det er eit usikkert tilvære.

Roman 2008
– Du skreiv romanen i 2008. Er du sannspådd så langt?

– Ein roman er ein roman, og eg fekk ideen under den internasjonale finanskrisa i 2008 og skjøna at Kina ville gå inn i ein ny fase, sjølv om det ikkje ville føre til systemendring. I Kina er oppreisten i 1989 borte frå all historieskriving og medieomtale, men folk har ikkje gløymt kulturrevolusjonen som råka ein heil generasjon. Korleis kan ei hending så nær i tid som i romanen bli borte, det er det store spørsmålet.

Men den nære fortida er ikkje borte for alle, og den første som minner hovudpersonen om det, er ein ungdom med namn Fang Caodi som kjem springande og ropar på sin gamle lærar og spør: «Lærer Chen, lærer Chen, hva skal vi gjøre?» I den hypermoderne bydelen møter han andre likesinna, og der dukkar også den gamle flammen hans opp. Son hennar er ein ivrig partimedlem som søkjer jobb i Propagandaministeriet og meiner at partiet ivaretek all folkets visdom. Vi møter He Dongsheng, ein korrupt, men populær partikader på høgt nivå som er genuint uroleg for nasjonens beste og som blir ein nøkkelperson i hendingar som går mot eit dramatisk klimaks.

Frå Isbrann til Blomstringstid
– Du kallar den bortkomne månaden tida mellom Isbrann­perioden og Blomstringstida. Kva er det som hender?
– Utgangspunktet er ei ny økomisk krise som i sin tur fører til politisk anarki, etterfølgt av ein barsk politisk hestekur der styresmaktene rykkjer inn og skaper ro og orden, folket får det betre, og nesten alle er nøgde. Til saman tek det 28 dagar, like lenge som februar månad det året, den gløymde månaden.

– Du kallar det ei av Kinas mange oppreinskingar? Kva legg du i det uttrykket?

– Folk har opplevd oppreinskingar også etter kulturrevolusjonen. Deng Xiaoping gjennomførde det med hard hand i 1983 for å få gjennom reformpolitikken, så kom 1989 og etter det jakta på Falungong. Det var ein viss lette før OL i 2008, men sidan har det hardna til att. Ein medverkande faktor var Charta 08, oppropet for fridom og demokrati som den seinare fredsprisvinnaren Liu Xiaobo stod bak.

Etter Orwell
I romanen kan vi lese «Læra om den nye blomstringstida», som skildrar det nye styret slik:
1) Eit demokratisk partidiktatur.
2) Ein rettsstat med stabilitet som første prioritet.
3) Autoritært styre på vegner av folket.
4) Marknadsøkonomi regulert og kontrollert av staten.
5) Rettvis konkurranse leidd av statlege selskap.
6) Vitskapleg utvikling med kinesiske særtrekk.
7) Harmonisk diplomati med Kinas interesser først.
8) Ein fleiretnisk republikk med monoetnisk suverenitet.
9) Ein postvestleg og post-universell statsideologi.
10) Ein eineståande renessanse for kinesisk kultur.

– Det er når ein les dette ein tenkjer at det kunne ha vore forfatta av Sanningsministeriet i Orwells roman, eller kva?

– Eg las sjølv boka i ungdomen, men i Kina er det dei som seier at vi har i alle fall nitti prosent demokrati, så kvifor bry seg om resten. Etter styresmaktenes målestokk i det verkelege Kina er dei fem første punkta ein realitet. I framtidsromanen er det harmoniske diplomatiet dei får til med omverda, ein viktig føresetnad for suksessen.

– Partiets mann He Dongsheng, kva slags type er det?

– Han er eit døme på ein korrupt politisk leiar som likevel er alvorleg oppteken av utviklinga og som ønskjer å snakke om det. Slike finst, motsett plageånda til Winston Smith i 1984 som iskaldt seier at partiet søkjer makt berre for makta si eiga skuld.

Fascisme?
– Men han likar ikkje at nokon kallar det kinesiske styret fascistisk? Kva meiner du?

– Vi lever i eit samfunn som har kvitta seg med føydale tilstandar, og eg trur mange framleis ser på seg sjølve som idelistar med sosialistiske verdiar. Det er dei verste som er interesserte i makt og makt åleine, og som ser interessene sine best tente med det. Dette kombinert med ein sterk nasjonalisme fører til fascisme, og nett no er eg redd for ei slik utvikling

– Så kva er utsiktene med det Kina du sjølv opplever no i 2011? Kina-kjennarar seier til meg at innstramminga har hardna til denne våren og er den verste setter 1989?

– Det heng også saman med den arabiske revolusjonen, som gjorde kinesiske leiarar urolege. Samstundes er dei største dissidentane no sette fri, andre og mindre dissidentar sette inn. Når det gjeld bruken av fysisk tortur, så har ikkje det skjedd på mange år, men det har no dukka opp att.

Demokratisk utopi
– Vi har tidlegare høyrt om eksperiment med demokratisk valde forsamlingar på lokalt nivå. Kva med dei no?

– Sidan 2000 har det vore innført slike i halvparten av landsbyane, men partisekretærane lokalt er ikkje på val, og det er dei som bestemmer. Når det gjeld eit kinesisk demokrati i vestleg tyding, ser eg på det som ein rein utopi. Men ein veksande middelklasse vil stille sterkare krav om ei betre politisk leiing, og sjølv om vi ikkje er der romanen endar i 2013, er det ein tilstand av stabilitet som nett no er til å leve vidare med, om det ikkje blir verre, seier Chan Koonchung.

Viljen til å gløyme
I romanen Fete år er enden på soga ei dramatisk politisk kidnapping utan sidestykke, for å få det endelege svaret på kvifor eit heilt folk kunne gløyme ein månad. Svaret er:

– Sjølv om vi gjorde vårt beste, kunne vi ikkje fått folket til å gløyme, om ikkje folket sjølv hadde lyst til å gløyme.

LES SAKA I DAG OG TID!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.32

LES OGSÅ

ANNONSE