Snart kan du reisa til Pandora

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Disney byggjer ein temapark basert på James Cameron-filmen «Avatar».

Parken skal liggje i tilknyting til Animal Kingdom-parken i Florida, og Walt Disney Company startar bygginga i 2013.

Cameron, som skapte «Avatar»-universet og planlegg to nye «Avatar»-filmar i 2014 og 2015, hadde dette å seie om parkplanane då dei vart offentleggjort på ein pressekonferanse tysdag:

– Eg såg fort at visjonen deira for dette gjekk langt utanpå noko eg hadde førestelt meg, og eg har ganske god fantasi. «Avatar» feirar vekselverknaden vår med naturen og dei vedundera og mangfaldet som finst der. Å plassere ein «Avatar»-temapark i Animal Kingdom er svært spennande.

Ifølgje Disney blir «Avatar»-området stort og interaktivt.

Sjå klipp frå filmen under: