– Skal snakka ungdom si sak

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

18 år gamle Guro Sundbø Storrusten frå Flatdal blir den yngste kommunestyrerepresentanten i Vest-Telemark dei neste fire åra.

Fyrstegongsveljaren stod på 8. plass på Høgre-lista i Seljord, og med 13 personlege stemmer blir Guro Sundbø Storrusten ein av dei åtte representantane frå partiet i kommunestyret dei neste fire åra. Ho innrømmer at ho er overraska over valresultatet.

– Ja, det er ikkje til å leggje skjul på. Det er heilt fantastisk! seier 18-åringen som blir Vest-Telemarks yngste kommunestyrerepresentant dei neste fire åra.

LES OGSÅ: Slik gjekk det i valet!

Ho er niesa til ordførar Solveig Sundbø Abrahamsen, og gler seg til å vere med å stake ut den vidare kursen for heimkommunen.

– Korleis blir det å ha tante som sjef?

– Det blir bra. Ho er utruleg flink, og ei eg ser opp til, seier ho.

– Dette blir veldig spennande, og ikkje minst lærerikt. Eg vil snakke ungdomens sak, seier ho, og legg til at ho trur ei ung liste var ein av faktorane til det gode valet Høgre i Seljord gjorde.

Sjølv om Høgre har i særklasse flest representantar, har dei også den lågaste gjennomsnittalderen på gruppa si (40 år). Plass i kommunestyret blei det også på 21 år gamle Øyvind Oland. Han fekk 7 personlege stemmer og 1 slengar, det var akkurat nok til å kapre den siste plassen i Høgre-gruppa – framfor faren Gunleif Oland.

Overvelda
190 av dei 562 som røysta på Høgre i Seljord sette eit kryss ved sidan av namnet til Solveig Sundbø Abrahamsen. I tillegg fekk den sitjande ordføraren 56 slengarar frå dei som stemde på andre parti enn Høgre.

– Eg er overvelda, seier Sundbø Abrahamsen om resultatet.

LES HEILE SAKA I VTB.NO!