98-åring og 17-åring frå same parti valt inn i same kommunestyre.

Framtida.no/NPK-NTB
Framtida.no/NPK-NTB

Han har litt vondt i kroppen, men 98 år gamle Helge Solvang gler seg over å ha vorte valt inn i kommunestyret i Balsfjord, som den eldste kommunestyrepolitikaren i landet.

Kvar laurdag i sommar har han stått på stand for Arbeidarpartiet, og innsatsen gav tydelegvis resultat.

– Eg stod på sisteplass på lista, så eg hadde jo ikkje akkurat store ambisjonar. Men eg er veldig glad for sjansen, seier Helge Solvang til VG Nett .

Nittiåtteåringen meiner at alderen ikkje er noko hinder for å gjere ein god jobb i lokalpolitikken.

– Alderen har inkje å seie. Hjernen min er i tipp topp form, og helsa er god. Eg har litt vondt i ledd og føter, men i dag har ein jo bil til å komme seg overalt. Førarkortet har eg òg enno, og det seier vel sitt om forma mi, seier han.

Vil kjempa for fleirbrukshall og kultur
– Det gikk som eg hadde håpa på. Eg hadde veldig lyst til å koma inn i kommunestyret og var veldig spent på å høyre resultatet. Eg har ikkje sove så veldig roleg i natt for å seia det sånn, seier Madelen Nordhus til ABC Nyheter.

Sjølv om ho fekk ei aning utover kvelden i går, var det først tysdag morgon at resultatet var klart. Ho ser på plassen i kommuenstyret som ei stor tillitserklæring.

– Eg vil jobbe for mine nærmaste saker og ha eit tett samarbeid med ungdommen. Kultur og idrett blir viktige saker, og eg vil kjempa for fleirbrukshall, seier ho.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.31

Kommentarar

ANNONSE