Framtida
Publisert
Oppdatert 23.01.2018 20:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Oppgåva for deg som er mellom 13 og 19 år er som følgjer:

Skriv om ein song som betyr mykje for deg. Det kan vere ein song du har opplevd noko i samband med, det kan vere at teksten betyr noko spesielt for deg, det kan vere morosame eller triste minne du har knyt til ein song. Kan hende har du møtt artisten som syng songen, kan hende har du vore på konsert eller kanskje song foreldra dine den for deg då du var lita? Mulegheitene er mange.

Du vel sjølv kva sjanger du vil skrive i. Teksten du skriv skal ha maksimum 800 ord. Du kan velje om du vil skrive på nynorsk eller bokmål. Du må ha med overskrift, namnet ditt, alderen din og adressa di. Dette sender du til post@magasinett.no innan 15. desember 2011.

Eit utval av dei innsendte tekstane vil bli publiserte på Magasinett sine nettsider. Anita Svendheim (Magasinett-skribent), Mette Karlsvik (Magasinett-skribent og forfattar) og Elin Moen Karlsen (Magasinett-redaktør) sit i juryen, som skal plukke ut dei tre beste tekstane. Premie: Den beste teksten får eit gåvekort på 100 nedlastingar frå Spotify (verdi 599 kroner). Vi premierer andre- og tredjeplass med 40 nedlastingar frå Spotify til ein verdi av 300 kroner.