«Troll Hunter» – også kjent som André Øvredals «Trolljegeren» – får kjempekritikk i London-tabloidane før englandspremieren.

NPK-NTB
NPK-NTB

Daily Mirror gir fem av fem moglege stjerner. Ifølgje kritikaren har Øvredal & co. « levert ein av årets mest oppsiktsvekkjande briljante filmar» med sin 103- minutt lange «juksumentar».

"Du kan nesten kjenne dei dundrande fotstega til trolla, og det er mogleg å gløyme det latterlege premisset takka vere haugevis med ironisk humor, skriv David Edwards.

Konkurrenten The Sun er nesten like begeistra. Kritikar Grant Rollings, som trekkjer parallellar til 90-talshiten « The Blair Witch project», gir fire av fem stjerner.

« Resultatet er ein film som både er morosam og skremmande. Kryss bruer for å sjå » Trolljegeren", oppmodar han.

Eit dyrerike – av troll
Dei tradisjonelle fullformatavisene er noko meir tilbakehaldne. The Times gir tre stjerner; det same gjer The Guardian.

«Scenene som involverer trolla, er spektakulære, men ikkje fælslege: dei er for absurde til det», meiner kritikar Peter Bradshaw i sistnemnde avis.

QUIZ: Kva veit du om troll?

«Trolljegeren» vart lansert heime i fjor, og kretsar rundt Otto Jespersen i hovudrolla som Hans. Christopher Columbus, kjent frå « Hjemme Alene» – og «Harry Potter»-seriane, har sikra seg rettane til å lage ein amerikansk nyinnspeling. (©NPK)

Sjå klipp frå filmen under:

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.31

LES OGSÅ

ANNONSE