Filmkåring i fjellheimen

– Eg gler meg til alt. Men mest av alt gler eg meg til å møta folk. Stemninga under festivalen er heilt spesiell, den må berre opplevast, seier Ola Njå Bertelsen.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Filmkåring i fjell- heimen

I helga vert den niande Fjellfilmfestivalen på Turtagø arrangert. Festivalen er ein årleg happening for film – og turglade menneske – og er utseld månader på førehand. 35 frivillige og 20 turleiarar jobbar døgnet rundt for at publikum skal få en god festivaloppleving. Og i løpet av helga vert det vist filmar, halde føredrag og arrangert turar.

Prisdryss
For første gang i historia blir det i år prisdryss ved Fjellfilmfestivalen. Vinnarane i kategorien for beste Norske fjellfilm, beste Internasjonale fjellfilm, beste kortfilm, beste amatørfilm og mest nyskapande film vert utropt av ein jury laurdag. Søndag vert alle vinnarfilmane synte på storskjerm, vert det opplyst i ei pressemelding frå Den Norske Turistforening.

Møtestad
I år får publikum møta eventyraren Jarle Andøy, Berserk kapteinen som fekk søkjelys på seg då alt gjekk gale på den siste ekspedisjonen. På festivalen får publikum høyra historia til fotografen Matti Bernitz, sherpaen Tshering Pande Bhote og Randi Skaug.

Og ein får møta tre unge eventyrarar i oppstartfasen. Jentene Hilde, Merethe og Ingrid går Norge på langs og stoppar på Turtagrø for å fortelja om turen før dei held fram mot Lindesnes.

Fjellfilmfestivalen vert arrangert av Stiftelsen Fjellkultur, som er oppretta av Den Norske Turistforening og forlaget FriFlyt AS. Festivalen blei første gang arrangert i 2003.

LES SAKA I SOGN AVIS!