Hardanger-aksjonistar i retten

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Hardanger- aksjonistar i retten

Anita Aalvik gjekk i spissen for demonstrasjonstoget frå Festplassen til Bergen Tingrett, der rettssaka mot hardangeraksjonistane Synnøve Kvamme og Magne Hagesæter no har starta.

Dei to er tiltalte etter aksjonen på Rong i Voss i sommar, der dei tiltalte ikkje ville flytta seg etter ordre frå politiet.

Framleis håp
– Sjølvsagt har me framleis håp om å få stoppa masteutbygginga, seier Anita Ålvik. Ho skal sjølv i retten i morgon.

– Me gjorde vår plikt. Sjølv er eg villig til å gå i fengsel for denne saka.

Ille med inngrep i Grubbafjellet
Reidun Sleire i Granvin er ein av aksjonistane som skal i retten onsdag.

– Det vert spennande, og me gler oss litt, sa Sleire til avisa måndag.

– Dette er ein sjanse til å få skikkeleg fram i ljoset kva overgrep dette er. Særleg er det ille å gjera slike inngrep i område som Grubbafjellet, som til no har vore eit urørt område, sa Reidun Sleire.

– Plikt til å stogga
– Det var mi plikt å stogga Statnett i å gjera noko eg meiner er ulvoleg, seier Synnøve Kvamme til Hordaland, i pausen under rettsmøtet i Bergen. Dette synet gjorde ho også klart då ho sat på tiltalebenken.

Saman med Magne Hagesæter godtok ho ikkje førelegget på 10.000 kroner.

– Eg synes rettsmøtet har gått bra så langt, men eg reagerer på at det ikkje er meddommar i saka, seier Synnøve Kvamme til Hordaland.

Surrealistisk
– Eg meiner det er surrealistisk at det er eg som er i retten i dag. Det er Statnett som burde ha vore her, seier Kvamme.

Ho håpar rettssaka vert eit vendepunkt i saka.

– Statnett har gjort feil
Bergensmillionæren Johan Fredrik Oddfjell var vitne i saka. Han meiner Statnett har gjort fleire feil i arbeidet med konsesjonen, og han rosa aksjonistane.

– Dei kjempa for ein sak nokon må kjempa for. Og dei gjer dette trass i belastinga det fører med seg.

Lokaldemokratiet er overkøyrd
Ordførar Mona Hellesnes frå Ulvik sa i rettssaken at lokaldemokratiet har vorte overkøyrd i denne saka.

Rettsaka, som starta kl. 9.30, held fram i Bergen utover dagen.

I morgon må 11 personar i retten.

LES SAKA I AVISA HORDALAND!