«Sykt lykkelig» kjempar om Oscar
Spelefilmen « Sykt lykkelig» er kandidaten til Noreg i neste års Oscar-utdeling.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
«Sykt lykkelig» skal dermed kjempe om å bli nominert til den gjeve amerikanske filmprisen i kategorien beste framandspråklege film.
I år var det 30 filmar som var kvalifisert til å bli Noregs bidrag. Av dei valte den norske Oscar-komiteen ut « Oslo, 31. august», « Sykt lykkelig», og «Sønner av Norge» og enda altså opp med å peike ut regissør Anne Sewitsky sin spelefilmdebut.
I grunngjevinga skriv komiteen at « Sykt lykkelig» er ein galgenhumoristisk historie som leikar med det beksvarte utan nokon gong å vike frå alvoret og varmen i det mellommenneskelege. (©NPK)
Sjå klipp frå filmen under:
Kva meiner du er årets beste film?