Minerydding for harde livet
Med dagens tempo, vil det ta 100 år før alle udetonerte miner og klasebomber i verda er fjerna. Tv-aksjonen vil redusera denne tida.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
For tredje gong er Norsk Folkehjelp organisasjonen som har fått tildelt NRK sin tv-aksjon.
«Vi rydder for livet»
Og i år skal dei innsamla millionane spesifikt brukast til aksjonen «Vi rydder for livet»,
Norsk Folkehjelp si minerydding i sju land: Bosnia- Hercegovina, Libanon, Laos, Vietnam, Sør-Sudan, Guinea Bissau og Tadsjikistan. I tillegg vil ein liten del av dei innsamla midlane gå til minehundsenteret i Sarajevo og utdanninga av nye minehundar.
QUIZ: Prøv deg på krigsquizen vår!
Solidaritetsarbeid
Torsdag var representantar frå Norsk Folkehjelp, tv-aksjonen Bergen og kommunane Eidfjord, Granvin, Jondal, Kvam, Ulvik, Vaksdal og Voss saman på ei regionsamling på Voss. Fylkesaksjonsleiar Mari Reinholt Aas introduserte presseansvarleg Ivar Christiansen i Norsk Folkehjelp.
Med stort engasjement og entusiasme drog han dei store linene i Norsk Folkehjelp si historie. Organisasjonen vart grunnlagt av arbeidarrørsla i 1939, og heilt frå starten stod det internasjonale solidaritetsarbeidet som ein av to grunnpilarar i arbeidet. «Spaniahjelpen », arbeidarrørsla si hjelp til dei internasjonale brigadane som kjempa mot Franco og fascistane, var utgangspunktet.
Den andre pilaren var «Arbeidersaniteten », arbeidarrørsla si nasjonale reising for betre helse og hygiene landet over.